35 av 42 skal på kulturverkstad
Her er alle deltakarane i årets UKM, som blir arrangert i Oseana gjennom helga.
Søndag (frå kl 16) kan du sjå årets deltakarar i UKM (som har endra namn frå Ungdommens Kulturmønstring til Ung Kultur Møtes), lokalmønstringa for Os kommune og Fusa kommune går i Oseana i år.
• Sjå video frå alle UKM frå 2012 til 2016
Åtte dagar før påmeldingsfristen gjekk ut sto 30 personar påmeldt, det samla talet kom opp i 49. Då enkelte er med på fleire innslag er det 42 «unike» personar som deltar.
I alt er det 18 deltakarar frå Os og 24 frå Fusa.
– Vi har litt nedgang, men det kan vera tilfeldig, for det er høg aktivitet blant ungdomen i både Os og Fusa, blant anna i musikkbingane.
– Det som er ekstra gledeleg er at heile 35 personar er påmeldt til den nye kulturverkstaden vår, seier Kjetil Osablod Grønvig frå kultureininga i Os kommune.
Øving og rigging fredag og laurdag
Med kulturverkstaden tar Os og Fusa form omtrent som Fylkesfestivalen (UKM i Hordaland), ungdomane får ikkje berre ei utstilling eller nokre minutt på scenen, dei får ei helg til læring og øving.
– Deltakarane på verkstaden, der dei fleste er UKM-deltakarar, blir delte inn til ulike workshops, éin for band, éin for sceneteknisk og arrangement, og éin for streetdance. Dei fleste instruktørane er frå Fusa og underviser ved kulturskulen.
Også multikunstnar Eirik Søfteland, som både var finalist i Idol og vann Skal vi danse, er med.
– Han blir som ein mentor og vil gå rundt frå gruppe til gruppe og hjelpa til. Ved sidan av den han kan om musikk og dans har han nok lærd mykje av det å vera på scenen og på dansegolvet på direktesendt TV.
Mest musikk
I alt er det 21 innslag og 1 time og 32 minutt med underhaldning i Oseana søndag.
Då er det rigga scene, mens amfiet er erstatta av sitjegrupper rundt bord.
Det er 10 sceneinnslag, 8 av dei er musikk, mens òg dans og teater står på menyen.
– Teatergruppa er opptatt med alt frå øving med band til laging av kulissar. Det er ein spennande produksjon med 11 involverte.
I tillegg er det éin film som skal visast og fire utstillingar. Fire ungdomar er påmeldte som arrangør, to som konferansierar.
I pausen skal Simen Moesgård spela.
Alle deltakarane frå Os
SCENE
1. Kristina Andreasson Dale (musikk - countrypop)
2. Sense Crew, Mikael Vedholm Bjelkarøy (breakdance)
3. Verdensteateret (teater)
– Verdensteateret består av: Anne Mathilde Meyer, Elida Sofie Haugen Kordts, Frida Solheim, Kaja Lyssand Nymoen, Kristina Andreasson Dale, Maren Lunde Petersen, Marie Steinum, Natasja Smørholm, Susanna Kristensen, Una Berntsen Seland og Zofia Konieczka
UTSTILLING
1. Annika Svendal Os
2. Marthe Jensen Tveit
KONFERANSIER
1. Elida Sofie Kordts
2. Kristina Andreasson Dale
ARRANGØR
1. Lilly-Mae Grønvigh
Alle deltakarane frå Fusa
SCENE
1. Even Engevik Lygre og Frida Solheim (musikk - pop)
2. Jørgen Andreas Hovden (musikk)
3. Marius Nilsen Kleppe og Renate Naustheller (akustisk rock)
4. Sleepwalkers (musikk - rock n roll)
– Sleepwalkers består av Andreas Nilsen Kleppe, Even Engevik Lygre, Idar Rolland, Marius Nilsen Kleppe og Natasja Smørholm.
5. Frida Solheim og Susanna Kristensen (musikk - pop)
6. The Blueming Bruices (musikk - hardrock)
– The Blueming Bruices består av: Benjamin Austestad, Einar Andersen, Håkon Markus, Marius Nilsen Kleppe og Tobias Rysjedal.
7. When your wheels are gone (musikk - rock)
– When your wheels are gone består av: Einar Andersen, Even Lygre, Frida Solheim, Jørgen Hovden, Lars Henning Fosse, Natasja Smørholm og Torbjørn Fosså.
FILM
1. Robin Johannes Sannes Hovden
UTSTILLING
1. Una Solheim
2. Zofia Konieczka
ARRANGØR
1. Camilla Bergesen
2. May-Helen Haukefer
3. Natasja Smørholm