Reise og turisme | 21. juli 2026

35 italienske syklistar inntok Os

– Fantastisk vakkert her!

35 italienske syklistar inntok Os
Reiseleiar Stefani (t.v.) held rundt ein av dei nøgde i det store reisefølgjet, Simonetta. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 21. juli 2026 11:00

Måndag sto det tett med syklar og el-syklar langs moloen utanfor Oseana.

Syklistane strekte på beina, spaserte mot badefjøra eller snakka med båteigarane i marinaen.

– Vi er frå Italia, på gjennomreise, fortel éi av dei.

Simonetta er blant dei 35 i reisefølget.

– Vi kom til Oslo med buss. Bussen hadde avreise frå Venezia, men har med seg folk frå store delar av Italia,frå Napoli i sør til Milano i nord.

Etter tre dagar med buss var gjengen framme i Oslo. Så køyrde dei til Bergen for å oppleva Vestlandet. Foto: privat
Etter tre dagar med buss var gjengen framme i Oslo. Så køyrde dei til Bergen for å oppleva Vestlandet. Foto: privat

Turen til Norge tok tre dagar. Etter eit kort besøk i Oslo, der dei blant anna besøkte Munch-museet, gjekk turen over fjellet, til Bergen.

Derfrå sykla dei til Os.

– Eg har vore i Norge før, for rundt ti år sidan. Det er veldig vakkert her i Os, så fint lys og så fint og reint vatn i sjøen, synest Simonetta, og spør kva badetemperaturen ligg på.

Underteikna tippa under 20 gradar, peika på Os Sauna og fortalte samtidig om skulpturprosjektet «På veg», der òg italienske «en camino» er representert, i steinane på moloen få meter vekke.

Organisasjonen CiclOpera har base i Opera, ei bygd utanfor Milano.

Reiseleiar, Stefani Maffei, fortel at CiclOpera er ein non-profit-organisasjon som arrangerer fleire sykkelturar.

«Forening som arbeider for å fremme bærekraftig mobilitet og øke bevisstheten rundt sykkelbruk» står det på Facebook-sida til arrangøren.

– Denne gong vil vi oppleva kysten i Sør-Norge, fortel ho.

CiclOpera er frå ei bygd utanfor Milano. Deltakarane er frå store delar av Italia. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
CiclOpera er frå ei bygd utanfor Milano. Deltakarane er frå store delar av Italia. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden

Turen går vidare til Haugesund, Hjelmeland og Stavanger før den endar der den starta, i Oslo.

Den ni dagar lange buss- og sykkelturen blei marknadsført som «en sykkelreise som forener eventyr, skjønnhet og bærekraft!».

«Turen vår til Norge lover en opplevelse utenom det vanlige, omgitt av ruvende fjell, stupbratte klipper og krystallklart vann som speiler himmelens skiftende farger. Hvert tråkk tar oss gjennom gamle fiskevær, grønne enger med røde hytter og duftende skoger, med utsikt som hentet fra et postkort.»

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

35 italienske syklistar inntok Os