
Skavl Media er eit gründerdrive medieselskap som eig og driv Midtsiden, Sysla og Hardanger på Vestlandet, i tillegg til Filter Nyheter og Josimar i Oslo.
Avisene våre er i vekst, og me har nye satsingar på gang. Me treng fleire typar profilar, dei som er best framfor skjermen og dei som er best ute blant folk, og du er velkomen til å søkja sjølv om du berre kjenner deg att i éin av delane.
Midtsiden.no er ei nettavis for Os og Bjørnafjorden, med eit breitt nedslagsfelt frå lokalpolitikk og samferdsel til næringsliv, idrett og kultur.
Sysla.no dekkjer næringslivet i Bergensregionen gjennom vekentlege nyhendebrev, podkast og arrangement.
Hardanger.no dekkjer heile Hardanger-regionen, med særleg fokus på næringsliv, kultur og samfunn.
Stillingsprosent: 100
Arbeidsstaden kan vera lokal eller fleksibel, ut frå om du blir engasjert i éi av avisene våre eller på tvers av alle. Du er velkomen til å søkja, anten du bur i Bergensområdet, Os, Fusa, Hardanger eller Voss. Du må rekna med ein del reising innanfor dekningsområdet (t.d. mellom Bergen, Bjørnafjorden og Hardanger/Voss).
Søknad skal sendast til ingvil@sysla.no