Båt og sjøliv | 14. mai 2023

50 år med utleige av kano på Røykenes

Her kan 60 personar padla 5 kilometer - samtidig.

50 år med utleige av kano på Røykenes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 14. mai 2023 08:47

Komande veke, frå himmelfartsdag og gjennom helga, skal Erling Andersen markera at det er 50 år sidan farfaren med same namn byrja å leiga ut båt og kano saman med sal av fiskekort på Røykenes.

Det var del av drifta av bensinstasjonen, som fyller 90 år i år, og som Erling «den yngre» nyleg har lagt ned og leigd ut til Haltbakk Express.

Tore Veland frå Haltbakk Express fekk saman med husvert Erling Andersen ein kjekk og hektisk dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Travlaste dag sidan 1982

– Eg har oppdrag for Haltbakk, og vil i tillegg prøva å få leigd ut det som var kiosk. Samtidig held eg fram med kanoutleige, seier Erling.

Farfaren starta med fire tomannskanoar i 1973. I dag har Andersen 20 tremannskanoar i tillegg til to éinmannskajakkar og éin robåt.

– Vi sel framleis fiskekort, og fiskekort er inkludert om du leige båt. Men dei som vil fiska gjedde for eksempel, vil gjerne helst ha robåten.

Det var farfar Erling som starta. Her er pappa Jahn på brygga ein dag på 1980-talet (Foto: Privat)
Det var farfar Erling som starta. Her er pappa Jahn på brygga ein dag på 1980-talet (Foto: Privat)

Færre skuleklassar - fleire venegjengar

Med veksande mengde kanoar blei skuleklassar etterkvart ei viktig kundegruppe.

– Os ungdomsskule var første som sendte klassar på tur. Ståle Lothe frå Søfteland (som også var underteikna sin klasseforstandar) var blant dei som tidleg gjorde seg kjent med tilbodet.

Ein skuleklasse på tur 6. mai 1995. (Foto: Privat)
Ein skuleklasse på tur 6. mai 1995. (Foto: Privat)

Då det ikkje lenger var lov å be elevar om eigenandel til aktivitetar som skidag eller padling, blei det færre. Men ikkje heilt slutt.

– Vi har framleis skuleklassar på besøk, blant anna frå Bergen, men færre enn før.

– Kven er den typiske kunden i dag?

– Det er kanskje ingen typiske, men mange ulike, frå ektepar og arbeidskameratar til venegjengar og familiar.

– Og så merker eg ein auke i mengda utanlandske leigetakarar, gjerne arbeidarar frå Aust-Europa. Dei er også mindre kresne på vêret.

God utvikling

Uavhengig av mengda utanlandske, mindre vêr-kresne leigetakarar, er businessen likevel prega av vêret.

– Med den dårlege julimånaden vi hadde i fjor, blei omsetnaden halvert i forhold til året før. Men året før var også uvanleg bra.

2020 og 2021 var blant dei beste somrane Er-An kanoutleige har hatt.

– Pandemi, heimeferie og fint vêr blei ein bra kombinasjona. Men utviklinga har også vore positiv frå 2010 og fram til no, så det går rett veg.

Erling intervjua av Fanaposten i 1982. På bildet er broren Dag, ikkje Erling. (Faksimile)
Erling intervjua av Fanaposten i 1982. På bildet er broren Dag, ikkje Erling. (Faksimile)

Enkel drift - unike opplevingar

For ikkje å vera avhengig av opningstider, og for sjølv å kunna ta seg ein tur med bubil i helgene, er utleigen no basert på Vipps og tillit.

Erling har rigga opp informasjonsskilt, og dei som vil leiga kan betala via telefon, henta seg båt, vest og årer, og padla i veg.

Bildeserie:

Erling treng ikkje vera der sjølv for at du skal kunna ta deg ein tur. (Foto: KVB)
Erling treng ikkje vera der sjølv for at du skal kunna ta deg ein tur. (Foto: KVB)
Utstyr i alle storleikar. (Foto: KVB)
Utstyr i alle storleikar. (Foto: KVB)
Om det er vind, anbefalar Erling deg å velja ein med kjøl. (Foto: KVB)
Om det er vind, anbefalar Erling deg å velja ein med kjøl. (Foto: KVB)
1 av 3
Erling treng ikkje vera der sjølv for at du skal kunna ta deg ein tur. (Foto: KVB)
Utstyr i alle storleikar. (Foto: KVB)
Om det er vind, anbefalar Erling deg å velja ein med kjøl. (Foto: KVB)

– Men er det fine meldingar inn mot ei helg, kan det vera greit å ringa på førehand og bestilla. Det er ikkje kjekt å stå på Røykenes med heile familien, og så er det ikkje kano ledig, åtvarar han.

– Og er det litt vind, bør du passa på å ta ein båt med kjøl. Dei er lettare å kontrollera. 13 av kanoane har kjøl.

Årets kanosesong er godt i gang. I langhelga etter 17. mai vil Erling feira 50-årsjubileumet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Årets kanosesong er godt i gang. I langhelga etter 17. mai vil Erling feira 50-årsjubileumet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Du kan velja å leiga ein enkelt time, fleire timar eller ein heil dag.

Frå Røykenesvatnet kan turen nemleg bli lang, om du vil, gjennom Bahusvatnet og det lange Hauglandsvatnet til Haugsdal.

Du kan padla fem kilometer éin veg om du vil. Nest inst er idylliske Rossvika. (Google Maps)
Du kan padla fem kilometer éin veg om du vil. Nest inst er idylliske Rossvika. (Google Maps)

Innforbi er Fjelltveitvatnet, og Samdalsvatnet, om du vil bera kanoen eit lite stykke.

– Du kan padla fem kilometer éin veg utan å bera kanoen. Nesten inst i Hauglandsvatnet, på motsett side som bilveg og bustadar, ligg Rossavika, ein idyllisk plass godt eigna for camping. Men det er også fleire fine plassar å gå i land, fortel Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.