Sport | 17. nov. 2019

6. plass på 1500 meter

Sverre fekk ein tung sesongstart på 5000 meter fredag, men klarte seg betre i dag.

6. plass på 1500 meter
Sverre Lunde Pedersen, her i noregscupen under oppkøyringa, gjekk ein ok 1500 meter i dag. (Foto: Eivind Flensborg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. nov. 2019 17:19

Sverre Lunde Pedersen og resten av landslaget har i helga vore på verdscupopning i Minsk i Kviterussland.

Sverre deltok ikkje i lagtempo fredag, der Noreg ramla, men stilte til start i siste par på 5000 meter.

Verdsmeisteren gjekk i mål på 6.30,007 og landa på 14. plass av 16 startande.

Patrick Roest vann på tida 6.16,615, som er ny banerekord. Han gjekk i par med Sven Kramer, som kom på 13. plass.

– Eg kjente tidleg at det var tungt, dette er langt unna det nivået eg hadde håpa å vera på, sa Lunde Pedersen til BT etter løpet.

No vil han droppa verdscupen i Nagano (Japan) i midten av desember, då turar til Asia tidlegare har vist seg å gå ut over treninga.

Sverre prioriterer EM og VM framfor verdscupsamandraget.

I dag sto 1500 meter for tur.

Der gjekk Lunde Pedersen mot Roest, og dei to landa på 6. og 5. plass med tidene 1.47,471 (Sverre) og 1.47,348 (Patrick).

Kjeld Nuis vann på tida 1.46,223.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.