Næringsliv | 10. jan. 2016

60-70 arbeidsplassar i fare

Beerenberg-verksemda Benarx Solution AS avsluttar i Hagavik.

60-70 arbeidsplassar i fare
Beerenberg, og seinare Benarx, har hatt produksjon i Hagavik sidan 2012. I mars er det slutt. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. jan. 2016 15:24

Ifølgje ein av dei mange tilsette ved Benarx Solution AS si avdeling på Os, i den tidlegare Askeladden-fabrikken i Hagavik, skal produksjonen flyttast til Polen. (Oppdatert/presisert: den norske produksjonen blir lagt ned, mens produksjonen i Polen, som allereie går parallelt, held fram).

Benarx er eit heilegd dotterselskap av Beerenberg Corp. AS.

– I haust jobba vi døgnet rundt i tre skift, onsdag, den tredje dagen i det nye året, fekk vi på allmøte veta at i mars er det slutt. Vi er overraska og skuffa, seier han.

Midtsiden lykkast ikkje med å nå leiinga før søndag kveld. OPPDATERT/LES ÒG: Eit naudsynt grep å ta

– Eg er sjukmeldt og var ikkje på allmøtet onsdag, så eg kan ikkje koma med nokre detaljar.

– Men eg kan stadfesta at vi er informert om at produksjonen i Hagavik blir lagt ned grunna flytting til Polen. Eg var i møter med leiinga i romjula og alle prosedyrar ser ut til å vera følgt som dei skal, seier tillitsvalt Robert Bøe.

60-70 arbeidsplassar

Benarx produserer isolasjonsmateriale til petroleumsnæringa og har 60-70 personar i arbeid i Hagavik.

Les òg: Ny nedbemanning hos Beerenberg (oktober 2015)

– 16-17 av desse er frå Os, 12 av dei gjekk i 2012 frå Askeladden-produksjonen (som då var flytta til Polen) nærmast direkte over til Beerenberg og seinare Benarx, fortel den tilsette, som ønskjer å vera anonym.

Les òg: Stor leigetakar på plass (juni 2012)

Dei innleigde skal vera i jobb ut januar, dei fast tilsette skal produsera ut mars i år.

LES ÒG: Eit naudsynt grep å ta

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.