Gir ut bok: Oselvarverkstaden er 25 år i dag
Tidlegare dagleg leiar har skrive boka «Å berga eit handverk» om den suksessrike etableringa.

I dag er det 25 år sidan Oselvarverkstaden opna. Verkstaden blei etablert for å berga kunnskapen om korleis ein oselvar skal byggast, i ei tid då det berre var to aktive oselvarbyggarar igjen.
Oselvarverkstaden har engasjert første dagleg leiar, pensjonist og forfattar Åsmund Lien, til å skriva bok om Oselvarverkstaden.
Den har fått tittelen «Å berga eit handverk».
Dagens sjef for verkstaden, Vidar Langeland, har stått for utforming og fleire bilde til boka.
Boka er på 112 sider pluss omslag, og produsert med støtte frå Sparebanken Vest.
Framsida er pryda av båtbyggar Leif Harald Amundsen, den einaste av dei tilsette som har vore på verkstaden sidan starten i 1997.
Bildeserie:
Båtbyggarar, lærlingar, tidlegare styremedlemmar og dagens styre var saman med kultursjef, tidlegare kultursjef og boka om Oselvaren-forfattar invitert til markering i Vognhallen i dag.
Les meir om markeringa:

Etterpå gjekk turen til verkstaden.
Boka blir seld på Oselvarverkstaden.
Målet er å også få den i hyllene på Ark på AMFI Os, men noko praktisk står igjen før den kan gå gjennom kassaapparatet.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.