Motor | 29. mai 2023

Aksel (6) fann ein favoritt på Ostreffet

Os-treffet i dag: Os Amcar Club trassar regnet.

Aksel (6) fann ein favoritt på Ostreffet
Aksel Andersen Tøsdal saman med pappa Jon Øyvind Tøsdal framfor favotitten, ein Trans Am. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mai 2023 11:02

Andre pinsedag er det tradisjon tru tid for amcartreff på Os. Treffet varer etter planen frå klokka 11 til 15.

– Det er mogleg at vi framskyndar premieutdelinga, i tilfelle nokon blir våt og kald og vil heim, seier president Frank Hetleflåt.

I fjor var det strålande sol, mange gjestar og rekord med 167 utstilte bilar.

– Med regner vi har i år blir det mange færre, cabrioletar og andre godvêrsbilar stiller jo ikkje. Men vi bestemte oss for å gjennomføra likevel, matvarer til kiosken var allereie kjøpt inn, og det er kjekt å møtast for dei som kan, seier styremedlem Torleif Solstad.

Bildeserie:

Os-treffet varer frå klokka 11 til 15 i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os-treffet varer frå klokka 11 til 15 i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var framleis litt tynt på parkeringsplassen då klokka nærma seg 12. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Det var framleis litt tynt på parkeringsplassen då klokka nærma seg 12. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I fjor såg det sånn ut på Os-treffet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I fjor såg det sånn ut på Os-treffet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torleif Solstad og Christian Rafsol i innsjekkinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Torleif Solstad og Christian Rafsol i innsjekkinga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frank Hetleflåt er no president i klubben igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Frank Hetleflåt er no president i klubben igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sitjegruppe, grill og kiosk er flytta under tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sitjegruppe, grill og kiosk er flytta under tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 6

– I fjor hadde vi 100 bilar inne før klokka 11, no er det 35 bilar på plass, fortel Solstad.

Etterkvart kom fleire buldrande inn, blant anna frå Odda, og det nærma seg 50 bilar i 12.30-tida.

Blant dei som var glade for at Os-treffet blei gjennomført, var Aksel Andersen Tøsdal (6).

– Han er veldig glad i bilar, og kunne namnet på mange bilmerke med det same han hadde lært seg å snakka, seier pappa Jon Øyvind.

– I dag var det berre til å finna fram regnklede og paraply og koma seg til Amfisenteret.

Felgane var med på å gjera denne Trans Am-en til Aksel sin favoritt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Felgane var med på å gjera denne Trans Am-en til Aksel sin favoritt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Etter flytting frå Os vgs til AMFI Os har Os-treffet stort sett hatt fint vêr.

I 2017 var det rekord med 102 bilar i utstilling, i 2018 blei det ny rekord med 137.

I 2019 var det grått og litt vått, og arrangørane måtte nøya seg med 102 bilar.

Etter pandemipause i 2020 og 2021 kom Os-treffet sterkt tilbake med 167 utstillarar og ny rekord med ein margin på beint 30 utstilte bilar.

Seinare i dag er det kåring av både beste van, beste pickup, arrangøren sin favoritt og people's choice.

Aksel har stemt.

Her er delar av årets utval:

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.