Politi | 11. okt. 2021

Ambulanse på utrykking køyrde på hjort

– Ingen personar blei skadd og utrykkinga heldt fram.

Ambulanse på utrykking køyrde på hjort
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. okt. 2021 07:54

Laurdag klokka 20.32 fekk politiet melding om påkøyrd hjort på E39 Byvegen.

– Uhellet skjedde i den krappe svingen på Hetleflåten, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Den involverte bilen var ein ambulanse som køyrde utrykking.

– Ambulansen kunne køyra vidare. Viltkontakt blei varsla. Hjorten halta etter samanstøyten, men blei funnen og avliva.

Det står ikkje notert kva retning ambulansen køyrde. Det er også uvisst om dei var på veg for å hjelpa nokon, eller om det allereie var pasient om bord.

Rykte ut til radiostyrte bilar

Laurdag klokka 16.53 fekk politiet melding om mogleg råkøyring i Hegglandsdalen.

Lyden viste seg å koma frå nokon som kanskje køyrde så fort dei kunne ... men med radiostyrte bilar.

– Det var nokre raske, bensindrivne bilar, og dei lager litt lyd. Men dette var altså lovleg aktivitetet.

Stoppa vinglete bil

Fredag klokka 22.16 fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete og mykje opp og ned i fart på E39 på Kalandseid.

Ein patrulje fann bilen og vinka den til sida.

– Bilførar var edru og alt var ok. Det var ein mann som fekk lappen tidlegare i år, men som likevel burde kunna halda stødig fart og retning.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.