Fotball | 18. mars 2022

Arbeidsjern frå Søre Neset tatt ut til Equinor-leir

Første steg retning landslaget: William er ein av 36 gutar i Noreg som er tatt ut til samlinga i mars.

Arbeidsjern frå Søre Neset tatt ut til Equinor-leir
William Tangen Haugland har vore del av eit god Søre Neset-lag i oppveksten. Laget gjekk før 2021-sesongen til Os for å bli mange nok. (Foto: Privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. mars 2022 15:24

Denne veka tok Håkon Grøttland, ansvarleg for spelarutvikling i NFF, ut 36 gutar frå heile Noreg til Equinor Talentleir.

– For 2008-kullet er dette første nasjonale uttak. Alle som er tatt ut har overbevist over tid. Dei har vist X-faktor, at dei har noko spesielt, at dei er ein spelar vi har tru på og ønskjer å utvikla vidare, seier Grøttland til fotball.no.

Frå bergensområdet er desse spelarane i uttaket:

William Tangen Haugland - Os
Matteus Nguyen - Brann
Jesper Torvund - Gneist
Kasper Vangen - Bjarg

– Han har jobba for dette!

William Tangen Haugland var del av eit sterkt lag på Søre Neset i oppveksten.

Laget vann det meste, og dei som heldt fram med fotball inn i ungdomsåra gjekk samla til Os Fotball i forkant av 2021-sesongen.

Der speler William med Os G 2008 og dei som er eitt år eldre. I tillegg er han på kretslaget, der han har vore kaptein i alle dei tre kampane kretslaget har hatt til no, og med på Kniksenakademiet i helgene.

– Han synest sjølvsagt det var veldig kjekt å bli tatt ut, og det synest eg som far òg, seier pappa Frank Haugland.

Haugland driv sjølv FFO på Søre Neset.

– William er kanskje ikkje eit talent, eller ein som er verken høg eller spesielt rask til alderen. Men han er flittig. Han har fleire hundre timar med eigentrening i året, utanom alt det organiserte han er med på. Derfor er det ekstra kjekt med uttaket for hans del, dette er noko han har jobba hardt for.

Han er heller ikkje blant dei eldste i sin årgang. William, som er fødd i desember, er ein av få på kretslaget som har bursdag etter 1. juli.

– Samtidig har han vore flink med variasjon, og å ikkje bli overbelasta eller spela for mange kampar. No gler han seg veldig til å læra meir!

Talentleiren blir arrangert i Sarpsborg i perioden 24. til 27. mars.

I dag kom uttaket for jentene i same årgang. Der var det, så vidt Midtsiden kunne sjå, ingen frå Osbygda.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.