Vêret i Os | 25. juni 2022

Årets varmaste dag til no

Dette blir dei finaste dagane i neste veke.

Årets varmaste dag til no
Tristan Aleksander Ervik Lønnebakken bada med kameratane frå Osbruo fredag ettermiddag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 25. juni 2022 12:43

Sankhans (sankhansdagen fredag 24. juni, ikkje sankhansaftan torsdag) blei årets varmaste dag i Vestland til no i år.

Himmelen var nærmast skyfri, vinden var stille og ein av årets lengste dagar blei fylt med sommarstemning.

På Florida målestasjon i Bergen blei høgaste temperatur fredag målt til 29,3 gradar.

Temperaturen var 21 gradar etter midnatt, men truleg under 20 gradar før 08 laurdag morgon - og dermed blei det ikkje tropenatt.

Også laurdag 25. juni er varm og solrik, men søndag er det venta lyn og vêromslag.

  • Det er venta regn frå klokka 11 til 18 og lyn etter klokka 14.
  • Men søndag kveld skal bli solrik, vindstille og varm.
  • Det er meldt sol og 18-20 gradar til og med onsdag, men fare for ei lita byge både måndag og tysdag.
  • Frå torsdag skal det skya til og koma meir nedbør.
  • Sjå detaljert vêrmeleding for Osøyro på VG Pent

Dei varmaste stadane i Vestland

Florida-stasjonen var ifølgje BT ikkje den i Vestland fylke som målte høgast temperatur i går.

Voss var varmare.

Her er ei liste over dei varmaste målingane frå fredag:

Vossevangen: 30,5 grader.
Etne: 30,2 grader.
Bergen, Florida: 29,3 grader.
Stord lufthavn: 29,3 grader.
Austevoll: 28,5 grader.
Ullensvang: 28,5 grader.
Odda: 28,5 grader.
Flesland: 28,3 grader.

19 timar lange dagar

Dagane er lange rundt sankthans. Dei tidlegaste soloppgangane (klokkeslett for Osøyro) var 17. til 21. juni, med soloppgang klokka 04.11.

Dei seinaste solnedgangane var frå 22. til 24. juni med solnedgang klokka 23.08.

Det betyr at vi har 18 timar og 55 minutt lange dagar for tida.

Til samanlikning går sola ned klokka 21.17 når vi har kome til 20. august.

Kjelde: timeanddate.com

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.