Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

– Sælen Møbler har tatt så godt imot oss, seier Marit Berg Dyrnes dagen før første «marknadsdag».
Ei gruppe med seljarar av ulike brukte og heimelaga gjenstandar, som har lang fartstid på utandørsmarknad i Bergen, går denne helga under tak. På Søfteland.
– Det er ikkje greit i Bergen, det regnar og regnar. Og no har det blitt iskaldt, ramsar Marit Berg Dyrnes opp.
Draumen var ein tørr og og varm stad, helst med god plass til fleire, og med parkering i nærleiken. Det fann dei hos Sælen Møbler.
– Marit har vore god kunde her opp gjennom åra. Då ho spurde var det lett for oss å seia ja, fortel Tommy Sælen.
– Vi treng ikkje kvar einaste krok av den store butikken vår, det kostar oss lite å hjelpa. Dessutan kan det henda at vi får gjestar vi elles ikkje hadde hatt, og dei kan bli interesserte i nokre av møblane våre.
Torsdag var fire av utstillarane i butikken for å få nokre av varene på plass.

– Vi driv med alt frå antikk og måleri til strikkevarer, samlargjenstandar og brukte klede, fortel Marit.
Tommy har fått eit svært godt førsteinntrykk.

– Eg er ikkje ekspert på verken mote eller antikk, men generelt glad i gamle ting og i gjenbruk.
– Fleire av varene og kleda ser ut til å vera av høg kvalitet.
– Det blir spennande å sjå ferdig utstilling, og å sjå responsen.
Den vesle marknaden er laurdag, som eit forsøksprosjekt.
– Så får vi sjå korleis besøkstalet blir og kva utstillarane synest, det kan godt henda at det blir fleire gongar, seier Sælen.

Samtidig blir Engelsen-familien medeigarar i kjeda.

Sælen Møbler feirar med innandørs gatekunst.

Familiebedrifta på Søfteland aukar omsetnaden med 35 prosent i år.

VIDEO: Bli med på omvisning der tømmer blir til møblar – hos Jarl Haug på Søfteland.

Sjå smakebitar frå filmen «Her er Harold» som delvis blei spelt inn hos Sælen Møbler på Søfteland her.

Bildeserie, behind the scene: Bjørn Sundquist møtte Frank Sælen under filminnspeling. – Dette er ein fantastisk butikk, seier Sundquist om Sælen Møbler.