Badegruppe hjelper turlaget med årets jule-bål
I fjor var nesten 200 samla rundt bål i Vikjo på julaftan. No er det duka for nok ei varm samling.

Ein idé blei ein realitet då André Marton Pedersen fekk med seg kameraten Tor Arne Hitland på å organisera ei open samling rundt eit bål i Mobergsvikjo julaftan i fjor.
Os Turlag sto som arrangør.
Ideen var å gi eit tilbud til både turgåarar som luftar hovudet før dagens hovudmåltid – og ein stad der dei som er åleine julaftan kan treffa folk før dei tar kveld.
Rundt 200 møtte fram.
No er det klart at det blir julebål i Mobergsvikjo i år òg, eit gratisarrangement på formiddagen (klokka 11 til 13) der alle er velkomne.
Os Turlag har fått hjelp med det praktiske.
Blant dei som stilte i fjor, både for å varma seg og å ta julebadet, var heilårsbadarane i «Fjordfruene».
– Ein av medlemmane våre, Therese Bratlund-Mæland, var i møte med Os Turlag då dette med julebål var tema. Dei blei spørsmål om nokon kunne hjelpa til, og ho meldte på badegruppa, fortel Christin Larsen.
Ho er ein av over 20 medlemmar av «Fjordfruene», der 10-12 er ivrige heilårsbadarar, og fleire deltok på Solastranda då verdsrekord blei sett.
– Vi badar i Mobergsvikjo éin til tre gongar i veka. Av og til unnar vi oss ein tur i Os Sauna, som er eit veldig fint tilbod!
– Det blir nok bading julaftan òg, men vi skal rekka å få fyr i bålet først.
Nissen kjem ikkje. Det blir heller ikkje utdeling av pakkar, men det er sjanse for at det blir servering av ekstra god kakao.
I fjor stilte Hitland med spesialoppskrift med heile seks ulike ingrediensar.
– Vi driv no og diskuterer årets kakao, seier Christin.
– De har ikkje fått oppskrifta til Hitland?
– Du veit, vi er damer, og vi gjer ting på vår måte, seier Larsen og ler.





