Betaler du med Vipps? No kan tæppinga gi lodd til laget ditt.
... men på same måte som Grasrotandelen, held du deg passiv så støttar du ingen av dei lokale organisasjonane.

Kvar månad skal Vipps dela ut 20.000 kroner til tre ulike frivillige lag.
Tildelinga blir ut frå loddtrekning. Laga får lodd ved at du eller andre har valt dei som favoritt.
– Det er utruleg mange som legg ned tid og krefter i lokale lag og foreiningar. Vi har lyst til å gi dei ei lita hjelpande hand, samtidig som folk får endå ein god grunn til å tæppe med Vipps, seier produktsjef Eivind Hjermstad-Sollerud i Vipps.
Om du held deg passiv, og ikkje vel mottakar, blir det som Grasrotandelen til Norsk Tipping: Andre lag i landet aukar sjansane sine.
Etter at du (gratis) har valt kven du vil støtta, blir nye lodd automatisk registrerte kvar gong du tæppar med Vipps. Du tæppar som før, laget får lodd. Og kanskje pengestøtte.
Over 1,6 millioner nordmenn har aktivert tæpping med Vipps siden betalingsmåten ble lansert i desember 2024.
Vipps konkurrerer med nokre av dei største teknologiselskapa i verda om kven folk skal tæppe med, og lanserte tidlegare i år fordelsprogrammet VIP.
To månadar seinare hadde 500.000 valt å bli VIP, noko som gir ulike formar for bonus ved tæpping.
Du må vera medlem av VIP for å velja lag å støtta.





