– Dette handlar ikkje om halloween, dette er terror
To gongar i oktober har nabolaget opplevd sparking i dørene og eggkasting midt på natta.

Søndag blei Midtsiden kontakta av ei dame som bur i Halhjemsmarka. Ho fortel om sparking i døra og eggkasting natt til søndag.
– Eg veit at det var halloween laurdag kveld, men dette handlar ikkje om halloween. Det har skjedd fleire netter, og det er terror å halda på sånn midt på natta nor folk søv, seier ho.
Første gong var natt tilsøndag 11. oktober, klokka 03.11 på natta. Andre gong var no, klokka 02.22 natt til 1. november.
– Eg hadde sovna på sofaen, og skvatt til saman med med hundane våre.
– Dei sparka i døra så heile huset rista. På trappa låg fleire knuste egg.
Saman med sambuar og dotter kasta ho seg i bilen for å prøva å finna syndarane.
– Vi ringte òg politiet, men dei hadde ikkje ledig kapasitet.
– På retur inn gata vår, etter å ha køyrd rundt i nabolaget, såg vi ein gjeng med svartkledde ungar springa frå eit anna hus som sikkert var utsett for det same. Mannen min løpte etter, men dei forsvann inn i skogen.
– Dei såg ut til å vera berre 10-12 år gamle.

Innringar meiner foreldre bør følgja betre med på kva ungane held på med utover natta.
– Dessutan bør ungane sjølv tenka seg om. Å vekka folk på denne måten er rein terror, dette må vi få slutt på.
– Var det same aldersgruppe førre gong?
– Nei, då såg det ut til å vera eldre ungdomar, kanskje i slutten av ungdomsskulealder. Så det er tydelegvis fleire som held på med dette.
– Viss nokon veit kven dette er, håper eg dei tipser politiet. Så kan dei ta ein førebyggande prat med gjengen.





