Eg er lei meg og ber om unnskyldning
DEBATT: Knut Natvik med beskjed til ordførar.

På folkemøtet i Kyrkjetunet måndag 12. oktober sa eg at ordførar Terje Søviknes ikkje hadde svart på ein epost. I eposten bad vi om å få ordet først på vegne av meir enn hundre hustandar vi representerte då, etter at informasjonsdelen var over.
Ordføraren sa at han ikkje hadde fått denne eposten. Det har han rett i.
Noko har blokkert epostane våre ut til kommunestyret og ordføraren
Vi har no blitt klar over at fleire epostar som er send kommunestyret ikkje har kome fram – av grunnar vi ikkje veit noko om. Dette blir no undersøkt nærare.
Heldigvis har ordførar lova og vidaresenda brev frå oss til kommunestyret gjennom Bjørnafjorden kommune sine kanalar.
Tusen takk!
Knut Natvik
Leiar i Foreningen Midtskogen vel





