
Handballdamene til Os spelte laurdag bortekamp mot Gneist. Gneist låg to poeng bak Os på tabellen, men var venta å gi sterk motstand.
– Då vi kom tilbake i 2. divisjon, var Gneist blant topplaga. Dei er ein stor klubb som utviklar spelarar til topplaget Fana, så vi tar aldri lett på denne motstandaren, seier Os-trenar Kenneth Husebø.
Os starta bra, leia 4-1, men blei tatt igjen på 8-8. Til pause låg dei under 14-16.
– Vi blei nok litt ivrige då vi leia, slurva litt og spelte på oss nokre brot.
I andre omgang såg Gneist ut til å dra ifrå, men 18-14 blei til 18-18, så kjempa Os seg i tet med eitt og to mål, men det sto òg likt.
– Angrepsspelet byrjar å sitja, vi skaper moglegheiter og set sjansane.
På 24:21 i andre omgang var det 26-26, men derfrå gjekk Os opp i 29-26-leiing og vann til slutt med to mål.
– Det var ein uvanleg deilig siger! Vingane våre skårar mykje, Tiril styrer laget godt og Marita byrjar å koma i form igjen etter skadane. Det er godt å ha langskota hennar, sånn at vi ikkje alltid treng å spela oss gjennom, seier Husebø.
No blir det heile tre veker med kamp-pause, neste kamp går heime mot Oppsal 2 søndag 22. november.
Elise Thompson Amundsen blei toppskårar med 9 mål, Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø og Marita Ylvisåker Aaberg skåra 6 og 5.
Gneist - Os 28-30 (16-14)
Os: Siri Eide Børtveit (keeper), Elise Thompson Amundsen 9 (6 + 3 frå 7 m), Kiana Lovise Ibrahim Pettersson-Aasbø 6, Marita Ylvisåker Aaberg 5, Tiril Arnøy Høyheim 4, Emilie Hjertnes Halhjem 3, Patricia Georgescu 3, Selma Sümer Mutlu 2, Malene Lunde Bystøl 1, Nora-Sofie Skåtøy Kvernes, Nora Hjertnes Halhjem, Emilie Thomassen, Maja Dale Fehn og Sara Osen Tefre.
Os ligg no på 5. plass på tabellen med 3 sigrar, 2 uavgjorte og 2 tap.
- Tabell på handball.no





