Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Debatt: Kva er stoda i Bjørnafjorden no, knapt eit år før valet?
I 2027 er det igjen kommuneval. Tida går fort, og tre av fire år i denne valperioden er historie. Kva er så stoda i Bjørnafjorden no, knapt eit år før valet?
Før vi freistar å svara på det, må vi tre år attende i tid.
Då Fremskrittspartiet og Høgre gjekk til val i 2023 hadde vi to hovudsaker: Få orden på kommuneøkonomien utan eigedomsskatt, og få fart på Bjørnafjorden i høve bustad- og næringsetableringar.
På grunn av den krevjande kommuneøkonomien var det lite rom for nye offensive tiltak, eller «valflesk» om du vil, i kommunal regi.
Eit fleirtal av dykk veljarar gav FrP og Høgre tillit i valet, og dei to partia etablerte eit solid samarbeid i kommunestyret basert på dei to hovudsakene. Seinare i valperioden har også INP, KrF og Uavhengig vore gode samarbeidspartar i m.a. budsjettarbeidet.
Hausten 2023 stod kommunen overfor ein ubalanse i driftsbudsjettet på om lag 150 mill kr.
FrP og Høgre sin strategi for å tetta gapet var todelt.
På utgiftssida måtte vi gjennomføra krevjande kutt i tenesteproduksjonen, halda at på kostnadsveksten og redusera lånefinansierte investeringar til eit minimum. Dette har vore, og er framleis, krevjande for både brukarar av kommunale teneste og våre tilsette.
Men kostnadskutt var naudsynt.
Kostnadsveksten i førre valperiode var ganske enkelt ikkje berekraftig, og omstillinga dei siste åra har gitt god effekt på økonomien.
Bjørnafjorden er på nasjonale kåringar no ein av dei mest kostnadseffektive kommunane i landet.
På inntektssida starta arbeidet med å få opp folkeveksten gjennom tilrettelegging for nye bustader og næringsetableringar.
I motsetnad til førre valperiode er ei lang rekkje reguleringsplanar vedtatt i 2024, 2025 og hittil i år, og JA-haldninga i arealpolitikken er tilbake.
Dette gir høgare tilflytting til kommunen, og vi er no den raskast veksande kommunen i Bergensregionen.
Når kvar ny innbyggjar i snitt bidreg med ca 80.000 kroner årleg til Bjørnafjorden i form av skatteinntekter og rammetilskot frå staten, ja så bidrar folkeveksten også til auka inntekter for kommunen.
Så kva samla resultat har denne todelte strategien gitt?
Vi er ikkje heilt i mål med omstillingsarbeidet, men i sum gir resultata ovanfor eit godt utgangspunkt for budsjettarbeidet dei kommande åra.
I FrP og Høgre har vi god von om at noko auka økonomisk handlefridom kan gi oss høve til å prioritera nokre satsingar innan førebygging allereie i 2027.
Det er heilt i tråd med satsinga på den sokalla heilskaplege innsats- og bustadtrappa, der vi ska vri ressursar frå reparasjon og kostbare tenestester høgt i trappa, til førebygging og rimelegare tenester nede i trappa.
Den offensive strategien for å byggja 1200-1400 aldersvenlege bustader fram mot 2040 er også ein del av denne satsinga. Vonleg får vi endeleg vedtak på dei to første delprosjekta med 50 omsorgsbustader på Osøyro og 20 i Eikelandsosen allereie i desember.
Vi går såleis ein spanande haust i møte, med budsjettarbeid og ei rekkje andre større politisk saker.
Og om 355 dagar går vi igjen til valurnene med mål om vidare tydeleg styring og positiv utvikling av Bjørnafjorden.
Nedteljinga mot valdagen 13. september 2027 har starta.
Ordførar Terje Søviknes (FrP)
Varaordførar Marie Bruarøy (H)

Du som innbyggar og lesar kan informera og engasjera.

Startskotet for digital heimehjelp gjekk i dag. Kan tal og eksempel skildra visse fordelar?

DEBATT: Store strukturendringar krev politisk behandling trass i eit overordna vedtak.

Kommunebarometeret 2025 er publisert. Det samla resultat er godt – men for nokre av sektorane ligg Bjørnafjorden nærare botnen enn toppen av lista.

Svar til Thomas Nyløkken, Bjørnafjorden Høyre.

8 av 13 moglege blei skifta ut som følgje av personstemmer og slengjarar.