Eit informasjonsmøte er ikkje eit folkemøte!
DEBATT: Dette er ein avleiingsmanøver!

Etter at mange, i lang tid, har etterlyst eit folkemøte om hotellsaka og utviklinga av Osøyro, inviterar no ordførar Søviknes til folkemøte om hotellsaka to dagar før saka skal opp til 2. gongs handsaming i utval for plan, bygg og miljø.
Så skal saka opp i kommunestyret til endeleg avgjerd berre 2 veker veker seinare.
Her går det unna.
Avleiingsmanøver
Hadde det no berre blitt eit folkemøte der politikarane i kommunen må stå til rette for dei standpunkt dei tar i saka, og dei kostnadene dei påfører alle innbyggarar i Bjørnefjorden kommune – men nei.
Ordføraren legg opp til at administrasjonen og utbyggarane skal orientera om byggeplanene. Orientering har vi fått for lenge sidan, og vi har sett oss godt inn i saka.
Dette er ikkje eit folkemøte, men ein avleiingsmanøver!
Kort om saka
Foreininga Midtskogen vel, som representerar innbyggarane bakom hotelltomta, og Grannelaget aust om elvo, som representerar bebuarane på Haugsneset, har for lenge sidan, i brev, bede om eit folkemøte.
Vi har aldri fått svar på brevet vårt om dette. Det er dårleg demokrati.
Slik vi ser det har ordføraren trenert eit slikt møte så lenge som mogleg.
Møt opp mannsterkt likevel
Møtet har ordføraren sett til komanda måndag kl 19 i Kyrkjetunet. Vi ber alle som er opptatt av denne saka møta og gje uttrykk for kva dei meiner.
Diverre trur vi lokalet vert for lite.
Ein ville vel unngå Oseana, der det kunne tenkast at det vert sett opp eit segl - noko vi ikkje fekk lov til tidligare!
Det var også dårleg demokrati.
Beste helsing Foreninga Midtskogen vel ved
Knut Natvik, styreleiar
Truda Lunde, nestleiar
Laila Moberg, styremedlem





