Fann farbar is nær Os sentrum
– No er det berre å nytta sjansen, seier Otto om stålisen på Havretjørn.

Laurdag er sjette dag på rad med kuldegradar i låglandet i Os, og skøyteentusiast Otto Hægland har, som vanleg når vinteren kjem, tatt turen til Liafjellet for å sjekka forholda.
På veg til toppen, knappe 200 meter over havskorpa, ligg Havretjørn. Det vesle vatnet er ikkje låglandet, men lett tilgjengeleg og godt skilta frå Moberg.
– Det er 10 centimeter stålis på vatnet no, så eg fekk meg ei fin skøyteøkt, sesongens første! seier Otto.
OBS! Du er sjølv ansvarleg for å vurdera om isen er farbar, uavhengig av andre sine målingar.
Det er meldt sol og kaldt gjennom helga og heile neste veke.
– Eg anbefalar andre å nytta sjansen! Og så oppmodar eg alle turgåarar å passa på at ikkje ungar eller andre kastar pinnar, isklumpar eller andre ting ut på isen, for sånn den er no kan mange ha glede av den.





