Får støtte til filmen RUNA: – Avgjerande tidspunkt
Spelefilmen RUNA har fått støtte frå Vestnorsk Filmsenter til postproduksjon.

Spelefilmen RUNA har fått 270.000 kroner i støtte til postproduksjon. Støtta kjem frå Vestnorsk Filmsenter.
Den kjem på eit avgjerande tidspunkt, når filmen no går inn i neste fase av etterarbeidet.
– Støtta frå Vestnorsk Filmsenter betyr svært mykje for oss, seier produsent og mannleg hovudrolleinnehavar Halfdan Hallseth.
Han var i London på audition då han fekk gladmeldinga.
– Vi har no komne til ein fase der dei siste brikkene skal falla på plass, og støtta gir prosjektet eit viktig løft i det vidare etterarbeidet. Det er også ei stor anerkjenning å oppleva at Vestnorsk Filmsenter har tru på filmen og teamet vårt.
Produksjonen ønskjer å retta ein stor takk til Vestnorsk Filmsenter, konsulent Klara Nilsson Grunning og avtroppande dagleg leiar Stine Tveten for støtta og trua på prosjektet.
Fleire lokale krefter bidrar framfor og bak kamera.
Filmen blir produsert av Fjord Productions AS, ved produsent Halfdan Hallseth, i samarbeid med Viljar Bøe og Sleazemania AS.
Hanne Catrine Andersen har regi, medan Isabel Furhovde har skrive manus. Furhovde og Hallseth speler også hovudrollene som Runa og Vard.
Om filmen
RUNA er eit norsk thrillerdrama sett i ei fjern framtid, med forholdet mellom ein far og dotter hans i sentrum – og med spørsmål om tillit, kontroll og kva som skjer når røyndommen ein kjenner byrjar å slå sprekkar.
Ein far og dotter hans lever i tilsynelatande harmoni, midt i eit faretruande norsk skoglandskap, langt fram i framtida.
Runa er stolt dotter av far sin, og hans ord er lova hennar. Men brått slår røyndommen sprekk, og ho blir tvinga til å setja spørsmålsteikn ved alt ho kjenner.
Filmen er i hovudsak spelt inn i Bjørnafjorden kommune, der det norske landskapet speler ei sentral rolle i filmens visuelle og dramatiske univers.
RUNA er no i postproduksjon, og arbeidet held fram mot ferdigstilling av filmen.
Produksjonen arbeider no mot picture lock, før dei siste delane av etterarbeidet blir ferdigstilte. Lydetterarbeidet vil vera ein viktig del av å forma filmen og dens atmosfære.
RUNA
Regi: Hanne Catrine Andersen
Manus: Isabel Furhovde
Produsent: Halfdan Hallseth / Fjord Productions AS
Co-produsent: Viljar Bøe / Sleazemania AS
Hovudroller: Isabel Furhovde og Halfdan Hallseth
Sjanger: Thrillerdrama
Produksjon: Fjord Productions AS i samarbeid med Sleazemania AS





