Fekk ingen poeng med heim frå Arendal
Laga rundt Lysekloster tok poeng i denne runden, det låg Lysekloster òg an til å gjera. Ei stund.

Vertane tok leiinga i 28. minutt, Lysekloster utlikna ved Vebjørn Nakken sju minutt ut i andre omgang.
Eit kvarter før slutt fekk Arendal straffe.
2-1 sto seg kampen ut.
Sandviken, som ligg rett over Lysekloster på tabellen, spelte 4-4 borte mot Brattvåg, og er no to poeng framfor Lysekloster. Vidar, på plassen bak, tok òg eitt poeng i denne runden, og er sju poeng bak.
Lysekloster har endå ein bortekamp, mot Notodden neste helg, før dei tar imot Mjøndalen heime laurdag 12. september.
Arendal - Lysekloster 2-1 (1-0)
Lysekloster: Daniel Gjerde Sætren - Johannes Konstali-Lødemel, Einar Høgetveit Jølle, Nihat Fabian Røed Özyilmaz, Jørgen Nordvold Lunde - Tommy Rivaldo Svendsen, Trym Vatn Øvreberg (kaptein), Ola Lerheim Olsen Jonas Eide Vågen Vebjørn Nakken Viljar Stavø
Innbytarar (alle utanom keeper med speletid): Johannes Heie Lie (keeper), Jacob Skjerven Valland, Kriss Havila Bonabandi og Lloyd Adrian Dahle Fagerlie
- Tabell på fotball.no





