Besøksadresse
Øyro 29 - 4. etg
5200 Os
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Ein motorsykkel skal ha køyrd i opptil 130 km/t.

Politiet har oppretta sak mot ein mann i 40-åra etter ei rekke hendingar søndag.

– Det framstår som alvorleg.

Fann noko å reagera på.

Erkjente i første avhøyr at det har pågått i 25 år.

Aksjon på skuleveg på Skeie, uhell i Prestegardsskogen og høg fart fleire gongar i veka til og frå Fanafjellet.
Politiet fekk tips om ymse køyring i helga. Og ein død katt.

Fredag klokka 12.09 fekk politiet melding om rart køyremønster nær Os sentrum.
– Køyringa skal ha skjedd cirka ti minutt før, ut av Os sentrum. Ein bil skal ha vore nær på å køyra utfor i ein sving. Så skal den ha vore nær kollisjon, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
Meldar såg at det var ein eldre mann som køyrde bilen.
Politiet hadde ingen operative tiltak.
Fredag kveld klokka 18.28 fekk politiet melding om farleg køyring på Stord av ein bilist på veg mot ferja til Halhjem.
– Bilen, ein svart Passat, skal ha gjennomført fleire farlege forbikøyringar, og vore mykje opp og ned i fart.
Ferja var venta til land på Halhjem klokka 18.45, men det var ikkje ledig kapasitet til å køyra ut for å kontrollera vedkomande.
Søndag kveld i 23.30-tida fekk politiet melding om ein påkøyrd katt på Lepsøyvegen ved kryss med Skeisflaten.
– Katten er heilt svart. Vegtrafikksentralen overtok oppdraget med å fjerna den.