
Billettane til Øyafest 2027 kjem ikkje for sal før laurdag «ut på dagen», men i dag kjem arrangørane med første namn til neste års festival.
The Kids skal spela på Øyafest neste år.
Øyafest 2027 blir, som årets festival, i veke 31, som neste år har datoane torsdag 5. til laurdag 7. august.
The Kids skal på scenen fredag 6. august.

– Vi bruker litt tid på å finna band til fredagen, sidan vi har færre band på scenen denne kvelden, og eit ønskje om at kvelden skal vera attraktive for fleire aldersgrupper, seier festivalsjef Tommy Aasen.
The Kids, kjent for låtar som «Hun er Forelska i Lærer’n» og «Vil Du Værra Me Mæ Hjem i Natt», blei stifta i 1979.
Aasen blei fødd 19 år seinare.
– Kva er ditt forhold til The Kids?
– Det er musikk eg har blitt kjent med via foreldra mine, men fleire av slagarane har blitt ein del av oppveksten, også på vorspiel og fest.
The Kids består av: Dag Ingebrigtsen, Torstein Flakne, Ragnar Vigdal (erstatta Svein Morten Lunde, som gjekk bort i 1996), Arild Samstad og Terje Storli.
Ingebrigtsen starta seinare TNT, Torstein Flakne starta Stage Dolls.
No er snart The Kids «back in town», i den grad Øyane har bystatus.
Knapt 20 år gamle laga Torstein Flakne og Dag Ingebrigtsen kanskje Noregs største landeplage gjennom tidene.
– Vi brukte ein halv fotball-omgang på å laga låten, humrar vokalist Dag Ingebrigtsen.
– Og vi skjønte vi hadde laga noko større … noko mykje større enn oss sjølv.
Fredag er berre scenen i teltet i bruk, og er dermed ekstra eksklusiv vare. I fjor tok det eitt minutt å selja alle 580 billettane til Cir.Cuz., som spelte på 2026-festivalen.
Dei 2000 laurdagsbillettane var utselte i starten på juni, nesten to månadar før porten opna.
– No er vi spente på kor mange som allereie veit at dei vil på Øyafest neste år, seier Tommy Aasen.





