Givargleda sikra julegåver til 300 barn – no aukar behovet for hjelp
I fjor fekk rundt 300 barn og unge julegåver gjennom Prosjekt Hjartetre. No står to fristar for tur.

– Vi opplever at lokalsamfunnet er svært raust, med eit genuint ønske om å bidra, seier Stine Kobbeltvedt ved Os frivilligsentral.
For fjerde året på rad blir Prosjekt Hjartetre arrangert i Bjørnafjorden.
Gjennom aksjonen kan privatpersonar og næringsliv bidra til at barn og familiar som har lite å rutta med, får ei litt lysare julefeiring.
I fjor fekk om lag 300 barn og unge under 18 år oppfylt eit julegåveønske. I tillegg fekk rundt 250 familiar og einslege bidrag til mat og julekos.
– Alle gåvene blir kjøpte av privatpersonar, noko vi er svært takksame for. Takka vere givergleda i lokalsamfunnet fekk vi dekt dei behova som var meldt inn, fortel Kobbeltvedt.
Fleire treng hjelp
Sjølv om givergleda er stor, opplever frivilligsentralen at stadig fleire treng ei hjelpande hand før jul.
– Fleire familiar og einslege kjenner på økonomisk press, og fleire tek kontakt for å få hjelp i samband med jul.
Samtidig veit dei at det ikkje alltid er lett å be om hjelp.
– Terskelen kan framleis vere høg. Difor er det ekstra viktig at slike ordningar finst, slik at fleire kan få ei god og verdig julefeiring, seier Kobbeltvedt.
Tilbakemeldingane frå dei som får hjelp, viser at det handlar om langt meir enn pengar og pakkar under juletreet.
– Det gjer inntrykk å sjå kor mykje ei slik gåve betyr for kanskje spesielt dei vaksne. Mange uttrykkjer stor takksemd og lettelse over å kunne gi barna sine ei julefeiring som kjennest meir normal.
For mange betyr hjelpa også ei kjensle av å bli sett og at nokon bryr seg. Men prosjektet skaper ikkje berre glede hos mottakarane.
– Mange familiar har gjort det til ein tradisjon å kjøpe ei gåve frå hjartetreet, og fortel om ein god anledning til refleksjon og gode samtalar med borna sine, fortel Kobbeltvedt.
Eit hjarte kan gjera ein forskjell
Frå 14. november blir hjartetrea sette opp på Thon Senter Os og Kafé Kuli, medan treet på Fjord'n Nærsenter kjem på plass 18. november.
På trea heng hjarte med juleønske frå barn og unge mellom 0 og 18 år. Den som vil bidra, kan ta med seg eit hjarte, kjøpa gåva som står på, og levera henne innan 3. desember.
Det er også mogleg å gi pengar via Vipps. Desse bidraga går mellom anna til innkjøp av julemat for familiar og einslege som treng det.
Dei som sjølve treng hjelp til julefeiringa, kan melda seg som mottakar innan 23. november.
Kobbeltvedt håpar på at givergleda blir like stor i år som i fjor.
– Kvar einaste gåve og kvart bidrag utgjer ein forskjell. Engasjement er med på å skape varme, glede og fellesskap i jula for mange barn, familiar og einslege i vårt lokalsamfunn.
Og ho avsluttar med ei enkel påminning.
– Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon.
- Treng du hjelp? Påmeldingsfristen for mottakarar er 23. november.
- Hjartetrea kjem på Thon Senter Os og Kafé Kuli 14. november, og Fjord'n Nærsenter 18. november. Der kan du henta eit hjarte og kjøpa ønsket som står påført.
- Gåvene kan leverast i butikken eller kafeen du handlar i, eller ved Os eller Fusa frivilligsentral innan 3. desember.
- Du kan òg støtta aksjonen via Vipps eller kontooverføring.
- Alle opplysningar blir behandla konfidensielt.





