Hotellsaka: Svar på innlegg frå Geir Bjørkli
DEBATT: Tap av utsikt er ikkje det sentrale.

Eg vi vil først takka Geir Bjørkli for eit greit innlegg i hotellsaka.
Det er kjekt at det no kjem andre stemmer inn i denne viktige debatten om framtida til Osøyro.
For oss er det underleg at ingen av dei som har fleirtalet i kommunestyret har deltatt i det offentlege ordskiftet.
Då treng ein ikkje argumentera. Ein kan berre bruka makta. Då må det vera lov å spørja om saka i røynda er avgjort på bakromma?
Kort om saka – sett i naboperspektiv
Blir forslaget til reguleringsplan vedtatt slik det no er, så er det langt meir enn utsikt som blir råka. Støy, til dømes, er særs viktig kva gjeld folkehelse. Dette spørsmålet er ikkje greid ut godt nok i konsekvensanalysen. Det vil sjølvsagt bli ein viktig del i anken om kommunestyret godkjenner forslag til privat reguleringsplan.
Vi vil ikkje bruka mykje spalteplass på å repetera alle argumenta mot dette prosjektet, men berre peika på at alle offentlege instansar og fagfolk, også kommunen sine eigne, går mot høghotellet.
Vi i Foreininga Midtskogen vel har berre éin agenda – høgda må ned!
Eg er på barrikaden av same grunn som deg – trur eg.
Vi er begge opptatt av kva som kan vera alternativ til høghotellet og korleis Osøyro kan utviklast til beste for alle i Bjørnafjorden. I røynda finst det alternativ til høghotellet, men dei er aldri tatt fram.
Slik eg ser det er har prosessen fram mot det som no ligg på bordet berre hatt eit mål – det er høghotellet vi no ser.
Eg reknar med at du har lese artikkelen i Midtsiden i 2008 om ordførar Søviknes og hotelldirektør Smørås som i var på studietur til København.
Etter denne turen har alt berre gått i den retninga vi no ser.
1) Kommunen har kjøpt tomta til for høg pris.
2) Tomta er omregulert frå bustader til hotell.
3) Det er laga ein opsjonsavtale med utbyggarane som i røynda subsidierar desse.
4) Høgda i prosjektet er auka trinnvis frå 30 meter til 39 meter pluss installasjonar på taket.
Her har det vore lagt ein plan for korleis dette skulle gå gjennom det politiske og offentlege apparatet fram til det vi ser no – trur eg.
Samstundes er det mange som har lagt fram andre gode alternativ tidlegare. Slik vil mange av oss ikkje ha det i eit ope demokrati – derfor er eg no på barrikaden i ein alder av 80 år.
Alternativa skulle vore utgreid
Hadde demokratiet fungert godt, skulle det vore idémyldring, og gjerne arkitektkonkurranse, om kva ein kan få til på denne tomta.
Kanskje hadde resultatet blitt eit mindre hotell, pluss andre prosjekt, slik mange i Bjørnefjorden trudde.
Eg har ikkje fasiten, men er sikker på at her kan det bli mange andre gode arbeidsplassar innan tjenesteyting og profesjonsyrker.
Det beste ein kan gjera no er å ta eit skritt tilbake. Snakka med tiltakshavarane og be dei legga slike alternativ på bordet. I ein slik prosess vil dei få med seg mange i Bjørnafjorden med gode idear, og kan heilt sikkert tena pengar på det også.
Eg kan ikkje skjøna anna, men veit sjølvsagt at det hastar for utbyggarane med å få dette gjennom før neste kommunestyreperiode.
Eg for min del skal delta i debattane og valkamparbeidet for Ap fram til valet, så sant helsa strekk til for ein åttiåring.
Du er også velkomen til å ha meiningar og innspel sjølv om du er utflyttar!
Beste helsing
Knut Natvik
innflyttar fødd i Bergen, budd i Os i 42 år





