Ikkje legg ned TAF/YSK i Fusa – sats på ungdom og kompetanse!
DEBATT: Heilt feil veg å gå.

Fylkesdirektøren sitt framlegg om å leggje ned TAF/YSK-tilbodet ved Fusa vidaregåande skule er heilt feil veg å gå.
Dette handlar ikkje berre om ei utdanningslinje. Dette handlar om framtida til ungdomane våre og næringslivet i regionen.
Administrasjonen i fylket har no lagt fram ei sak som skal opp i Yrkesopplæringsnemda 10.11 og vidare i Hovudutval for opplæring, kompetanse og tannhelse den 17.11
I sakspapira til desse møta argumenterer ein for gradvis utfasing av TAF/YSK tilbodet. I tabell for endring av tilbodet i Stor-Bergen ser ein at det vert trekt klassar for TAF/YSK helse og omsorg, akvakultur og tekniske fag ved Fusa vgs.
Fusa vgs er svært dyktige på samarbeid mellom skule og næringslivet rundt.
Dei samarbeider no og har lærlingar i 12 bedrifter innanfor akvakultur og 14 innan tekniske fag i heile regionen. Innanfor helse er dei lærling-leverandørar til kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Tysnes, Kvam og Kvinnherad.
Helsesektoren er stadig i mangel på folk, her leverar Fusa vgs lokalt tilknytte framtidig tilsette til kommunane rundt.
Geografisk har skulen TAF/YSK-elevar i praksis frå Odda til Tysnes!
Frå bedriftene får vi høyre at Fusa Vgs leverer den kompetansen dei treng, og at samarbeidet er svært godt. Når dei ser endring i framtidige kompetansebehov syter dei saman med skulen for at desse vert dekka i opplæringa, ein vinn-vinn-situasjon for bedriftene og ungdommane/skulen.
- Kva kostar det når ungdom må reise lenger, flytte heimanfrå eller velje vekk ei utdanning dei eigentleg er motiverte for?
- Kva kostar det for lokale bedrifter som treng fagfolk, at ungdommane ikkje er der?
- Og kva kostar det for Fusa og kringliggjande bygder når viktige tilbod vert sentraliserte bort?
For mange ungdomar er nærleik til skulen avgjerande.
Eit godt skuletilbod i nærmiljøet gjer det mogleg å bu heime, halde på fritidsaktivitetar og vere ein del av lokalsamfunnet medan ein tek vidaregåande opplæring.
Det gir tryggleik, tilhøyrsle og betre føresetnader for å fullføre. I ei tid då vi veit kor viktig det er å førebyggje fråfall, bør svaret vere fleire fleksible og praktiske opplæringsløp – ikkje færre.
Bodskapen vår er klar: Ikkje legg ned TAF/YSK ved Fusa vidaregåande skule. Behald og vidareutvikle tilbodet – for ungdomane, næringslivet og framtida til regionen vår.
Bjørnafjorden Senterparti
Kvam Senterparti
Samnanger Senterparti
Tysnes Senterparti
Kvinnherad Senterparti





