Imponert over enkeltpersonar – startar innsamlingsstafett for bedrifter
Opnar ballet med 10.000 kroner: – Kanskje er det fleire som vil bidra.

Stafett for livet har gått i eit kvart døgn. Målet er fellesskap, men dei 72 laga som deltar samlar, på kvar sine måtar, òg inn pengar som Kreftforeningen kan bruka på forskning.
– Eg skulle gått på politikarlaget, men er småsjuk. Då eg var oppom i formiddag, for å hjelpa kona mi sitt lag med nokre ærend, gjorde det inntrykk å sjå kor stort og fint arrangementet er, seier Espen Aspenes.
Nokre av kollegaene hans på Alutec går på ulike lag.
– Det er nokre firma som deltar, men i stor grad mange enkeltpersonar som drar lasset, både på dugnad og deltaking. Det slo meg at kanskje det er fleire firma som vil bidra, så eg prøver meg på ein liten pengestafett.
Alutec gav nyleg 10.000 kroner til aksjonen, og håper andre firma vil stilla med eit beløp dei synest passar.
- «Taksameteret», og sjanse til å gi finn du her
– Om firma vil gi 3000, 10.000 eller eit heilt anna beløp er opp til kvar enkelt. Eg vil heller ikkje utfordra bestemte firma, eg tenker dei som har sjanse og lyst kan kasta seg på.
– Det er stas om denne stafetten blir suksess også på inntening, det fortener alle dei som saman drar lasset på Kuventræ dette døgnet.





