Kong Harald V til minne
Gong på gong har han minna oss på at han var konge for heile landet, for heile folket og for heile det norske språkmangfaldet.

Av Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag
Kong Harald døydde 28. august 2026. Han har heile sitt liv tent det norske folket. Fyrst som prins og kronprins, seinare som konge frå 1991.
Gong på gong har han minna oss på at han var konge for heile landet, for heile folket og for heile det norske språkmangfaldet.
I 1999 fekk ein medarbeidar hjå Noregs Mållag høve til å intervjue Kong Harald på vegner av medlemsbladet Norsk Tidend. Det var ei historisk hending, og medarbeideren kledde seg i sin finaste dress og gjekk til Slottet for å få audiens og intervju.
«Hald på dialekten» var bodskapen frå Hans Majestet Kong Harald V den gongen.
«Det er vel ingen grunn til at alle skal høyrast ut som om dei kjem frå Oslo. Dialektane er ein stor rikdom for landet vårt og eit særmerke vi bør halde i hevd.» sa kong Harald til Norsk Tidend.
Han held fram: «Så lenge vi har to skriftspråk i landet, må vi lære å meistre båe språka. Difor er det rimeleg å halde på sidemålsordninga.» Og han slo fast:
«Det språklege mangfaldet vårt er eit gode og speglar historia vår slik ho er. Det bør vi halde i hevd.»
Mange kan minnast ei markering i høve 70-årsdagen til kong Harald. Då gav Stortinget ein statue av mor hans, kronprinsesse Märtha, som kongen sjølv avduka i Slottsparken ein kald februardag i 2007.
Då song ei ung Ingebjørg Bratland «Den fyrste song eg høyra fekk». Han er skriven av Per Sivle, som vaks opp utan mor si, og skildrar voggesongen som følgjer han heile livet.
Det gjorde inntrykk på ein heil nasjon at denne songen fekk kongen til å gråte. Han miste sjølv mor si midt i ungdomsåra.
Noregs Mållag markerte 100 års-jubileum i 2006.
Ved den offisielle jubileumshøgtida i Det Norske Teatret i Oslo var både kong Harald og kronprins Haakon hjarteleg til stades. For målrørsla var det ei rørande stadfesting av at nynorsken er ein del av kongeriket og ein del av framtida.
Nordahl Grieg skreiv i eitt av sine dikt: «Hver av oss ble valgt til å være landet, dag for dag.»
Det er rett. Kvar av oss er valde til å vere landet vårt, kvar einaste dag: Ved store dramatiske hendingar, og i dei mange små kvardagane. Nokre veldig, veldig få av oss får så altomfattande livsval for landet vårt som kong Harald. Og det er få som løyser oppgåva så godt.
Kong Harald vart vald til å vere landet vårt. Vi minnest i takksemd ein konge som var konge for oss alle, for Noreg og Norge, heile det mangfaldige landet vårt.





