Kor skal du få informasjon om bygda er utan straum og internett?
Kommunen med nye samarbeid. I neste veke er det øving og bemanna informasjonspunkt.

Vi har sett det før. Ras eller snøskred har blokkert vegar i fleire døgn, orkan har ført til straumbrot der 400 bustadar har vore utan straum i over to døgn.
Kva om vi blir utsette for kraftigare uvêr, sabotasje eller krig? Utan straum eller internett, kor skal du få informasjon?
– Vi har berre møtt velvilje, seier Ella Marie Brekke Vangsnes, beredskapskontakt i Bjørnafjorden kommune om avtalen med daglegvarebutikkar.
– Alle treng mat, butikkane er naturlege stadar å også oppsøka informasjon. Det er dessutan lett å hugsa, gå til ein butikk i nærleiken.
Om du er utan straum og internett er det naturlegvis for seint å søka informasjon på internett …
– Kva informasjon kan bli viktig for kommunen å dela?
– Det kjem naturlegvis an på situasjonen, det kan vera alt frå kokevarsel og helsetenester til om skular og barnehagar er opne, seier kommunedirektør Arild McClellan Steine.
– Det som er viktig er at vi har sjanse til å nå ut, og at innbyggarane har sjansen til å få korrekt, truverdig informasjon, spesielt om vi blir utsette for sabotasje.
Informasjonspunkt hos kommunen: Kommunetorget i Bjørnafjorden rådhus, hovudbiblioteket på Os og biblioteket i Eikelandsosen.
Informasjonspunkt på utvalde daglegvarebutikkar: Joker Søfteland, Meny Industrivegen, Rema 1000 Kuven stasjon, Coop Extra Irisgården + Rett Mat, Kiwi Moberg, Spar Nore Neset, Coop Prix Øyane, Rema 1000 Lysekloster, Joker Strandvik, Spar Fusatun, Nærbutikken Holmefjord, Joker Revnestranden og Bunnpris Eikelandsosen.

Å frakta plakatar frå rådhuset ut til informasjonspunkta er ei oppgåve som skal løysast av frivillige organisasjonar.
Dei åtte sanitetsforeiningane i kommunen har saman med Os Røde Kors og Fusa Røde Kors takka ja til å vera «ordonnans/postbod».
– Dette er vi òg veldig takksame for. Dette er veletablerte organisasjonar med mange medlemmar, og dei kjenner kommunen godt, seier Vangsnes.
– Sanitetskvinnene stiller med 70 representantar på kvar side av Fusafjorden, seier Annbjørg Laupsa.
Ho er leiar for Fusa Sanitetsforening. Ho stilte på vegner av Ingunn Sperrevik, som er beredskapsleiar både i Fusa og resten av Hordaland.
– Os Røde Kors stiller med 70 på Os-sida. Fusa Røde Kors har rundt 170 medlemmar, Os Røde Kors har rundt 300. Det er mange å ta av, seier Atle Vågstøl.
- Eigenberedskapsveka startar førstkomande måndag. Då skal kommunen, saman med dei frivillige, ha øving.
- Torsdag i neste veke skal informasjonspunkta testast. Fleire av informasjonspunkta blir òg bemanna.
– Kva om fleire tre sperrar veg til for eksempel Baldersheim, er Røde Kors og sanitetskvinnene utstyrte med motorsag på veg ut i felt?
– I Baldersheim er det ikkje lang veg til nærmaste motorsag, det kan eg lova deg, seier Vangsnes lattermildt.
– Vi har motorsager, men om større tre ligg velta over straumkablar, så tar ikkje vi på oss trefellinga, legg Vågstøl til.
– Er RadiOs på FM-nettet ein ressurs kommunen har kopla på?
– Nei. Dei fleste har DAB i dag, og NRK P1 er den nasjonale kanalen for informasjon i ei krise, seier kommunedirektøren.
DSB har fleire råd som handlar om eventuell tid utan straum og internett.
Å finna ut om kommunen har informasjonspunkt er eitt av dei, å sjekka om kommunen har forskerka mobilnett er eit anna.
Bjørnafjorden kommune har ikkje forsterka mobilnett. Røde Kors har tilgang til nødnett, i tillegg har dei VHF med repeater/signalforsterkar på ein lokal fjelltopp.
– Men denne har batteri som varer ei avgrensa mengde timar. Det same gjeld nok mobilmastene, seier Vågstøl.
– Røde Kors-huset i Kolskogheiane vil vera bemanna i ei krise. Der vil vi ha straum og varme.
Eigenberedskap handlar om meir enn informasjon.
Du skal sjølv kunna ta vare på familien din i nokre døgn utan tilgang på hjelp utanfrå. Har du vatn, mat, kontantar og utstyr lagra heime?
Les om temaet i relaterte saker under – og på desse nettsidene:





