Køyrde rundt utan forsikring
Politiet fortel om tre hendingar i trafikken i helga.

I 14-tida fredag 16. oktober blei politiet kontakta om ei hending på Halhjem ferjekai.
Trøbbel under feltskifte
– Eit vogntog hadde komen borti ein annan bil i samband med feltskifte, seier Marita Frotveit, politiovervbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.
Partane skulle ordne opp seg imellom.
Stansa bil i Os
Rundt to timar seinare stansa og kontrollerte politiet ein bil nord for Os sentrum.
Føraren av bilen var ein mann i 50-åra.
– Han blei meldt for å køyre rundt utan forsikring, seier Frotveit.
Rask MC
Laurdag 17. oktober fekk politiet melding om ein motorsykkel som køyrde fort i Lyshorntunellen.
– Politiet fekk ikkje kontrollert denne, seier Frotveit.





