Loading
Besøksadresse
Øyro 29 - 4. etg
5200 Os
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Forfattar Bente Bratlund undrar seg over at det nettopp er kulturkontoret som står bak avgjerda om at aktive kunstnarar må forlata stasjonsbygningen på Osøyro, etter over 20 år med levande kulturaktivitet.
Eg blei nokså overgitt då eg såg at tre aktive kunstnarar må ut av stasjonsbygningen om tre månader. Og at det er kulturkontoret som står bak, det er neste utruleg.
Her jobbar dei i bygd og by for å heva kunsten og kulturen, og mange stader ville gitt mykje for å ha eit levande kulturtilbod midt i sentrum, slik stasjonsbygningen på Osøyro er blitt.
Her er det liv og aktivitet, ikkje minst i Bente Haugland sin del av bygget. I over 20 år har ho ho drive si kunstnariske verksemd her, skapt kunstverk, tatt imot folk for berre å stikka innom og sjå, eller for å kjøpa.

Turistar har funne frem og snakka varmt om ein slik plass så sentrumsnært. Her har vore ulike kveldar med konsertar og andre kulturprogram. Det er eit levande miljø.
Og dette vil kultursjefen ha bort. Det er ikkje til å tru.
Visst er det mange som treng lokale, og gode aktivitetar også, men å kasta ut det unike av kunstverksemd vi har i sentrum, så lett tilgjengeleg og så levande, det er utruleg.
Blir kunsten så lågt prioritert i kommunen, og av kultursjefen, som skulle vera den som løfta kunst og kulturlivet?
Det må då gå an å tenkja om her.
Det unike miljøet der i stasjonsbygningen som er der no, er det verkeleg meining i å sparka bein under det?
Eg berre spør, og undrast.
Bente Bratlund

Viktige stadar, personar og bygg kan få skiltet. I dag blei skilt nummer 8 og 9 i Os hengt opp.

Annakvar tysdagskveld strøymer det osingar til Vognhallen. I eitt intensivt kvarter er det full aktivitet, før folk drar kvar til sitt, og området ligg tilbake som om ingenting har skjedd.

Stasjonsbygget står støtt, men treng litt omsorg.

Frå Stend til Os for å sjå avduking og høyra foredrag.

DEBATT: Utvikling av Os hamn er nøkkelen til å gjera Osøyro meir attraktiv.

Kunstnar Åse Berit Skeie Ulltang måtte forlata mykje arbeid då ho vart evakuert frå Spania i mars - no er ho klar for tre utstillingar.