Leia 3-0 – klarte ikkje å ro sigeren i land
Fem minutt før slutt leia Lysekloster med to mål. Men Træff fekk fleire treff.

Lysekloster tok i dag imot Træff til tredje siste serierunde.
Konkursramma Lysekloster har ikkje sjanse til å berga plassen i PostNord-ligaen, men dei såg i dag ut til å dra sigeren i land.
Heimelaget gjekk opp i 1-0 i 26. minutt. Jørgen Nordvold Lunde fekk ballen i mål etter litt rot i boks på eit langt frispark.
I 50. minutt landa ein langpasning mellom Træff-keeper og Viljar Stavø. Stavø lirka ballen med seg forbi keeper og skaut presist, men kontrollert i ope mål.
Eit kvarter seinare, på innlegg etter nok ei langpasning, auka Stavø til 3-0.
Men Træff jobba hardt for å redusera, og på corner i 76. minutt heada dei inn 1-0. Ni minutt seinare heada dei inn eit innlegg og på overtid, på retur frå keeper, kom utlikninga.
Lysekloster hadde ein stor sjanse åtte minutt på overtid, men kom ikkje høgt nok i lufta til å heada det fine innlegget i nota.
Kampen enda 3-3.
Tabelljumbo Eik Tønsberg tapte 0-3 borte for Arendal, men Vidar, som er på plassen bak Lysekloster, slo Kvik Halden 2-0 borte. Vidar er no berre to poeng bak Lysekloster, som har blitt trekt fire poeng grunna økonomisk rot.
I toppen ligg Jerv med 56 poeng, rett bak ligg bjarg og Mjøndalen, begge med 50 poeng før sesongens to siste rundar.
Lysekloster møter Vidar borte og Sotra heime i årets to siste kampar.
- Tabell på fotball.no





