Loading
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:







– Naboen tok bilde av dei mistenkte, seier eigar etter frekt tjuveri søndag ettermiddag.
Ein huseigar på Kuventræ kom søndag ettermiddag heim til tjuveri frå ein carport.
– Rett før vi kom heim møtte vi ein kar med ein bossekk. Han såg ustelt ut.
– Då vi kom heim fekk vi veta at same mann, i lag med ein annan, hadde snoka i nabolaget og stole frå ein av naboane. Han tok bilde òg, men synest det var ein skremmande duo.
I carporten til innringar sto to elsyklar.
– No er den eine, den dyraste og nyaste, vekke.
– Vi har snakka med politiet. Dei skal ha tatt ein av dei mistenkte. Men vi har enno ikkje funne sykkelen, og håper på tips.
Tips kan ringast til politiet på 02800.