Mann, det er inga skam å kjenna etter!
KRONIKK: Når ei endring i kroppen ikkje har gått vekk etter tre veker.

Av Geir Vangsnes, regionleiar i Kreftforeningen Vestland, og Torgeir Hoff Skavøy, leiar i Norsk Forening for Allmennmedisin.
Me er alle ekspert på eigen kropp, og me merkar det når kroppen endrar seg. Kanskje vert du meir sliten enn før, eller det dukkar opp ein ny kul eller ein hoste, som ikkje var der før. Kanskje må du plutseleg løpa på do heile tida.
Viss du merkar endringar i kroppen, som ikkje går over på tre veker, anbefaler vi deg å gå til legen.
Visste du at menn får oftare kreft enn kvinner?
I 2025 var det over 2300 fleire krefttilfelle blant menn, enn det var blant kvinner. Me har ikkje noko enkelt svar på korfor det er slik, men det er ein kombinasjon av genetikk og biologi, livsstil og eksponering for kreftframkallande faktorar på jobb.
Samtidig er det slik at det er fleire menn som dør av kreft kvart år enn kvinner.
I 2025 døde 6391 menn av kreft i Norge. Same år var det 5501 kvinner som døde av kreft. Ei av årsakene til dette er at kreftsjukdom hos menn oftare har spreidd seg ved diagnosetidspunkt, noko som kan tyde på at menn ventar for lenge med å gå til legen når dei får symptom på kreft. Spreiing gjer eit meir omfattande behandlingsløp, og fører til at fleire dør av sjukdommen.
Dette er grunnen til at Kreftforeningen bruker november til å gje menn beskjed om å vera meir oppmerksam på kroppen sin.
For sjølv om menn ikkje har like høg helsekunnskap som kvinner når det kjem til kreft, så er alle ekspert på eigen kropp. Me merkar alle når det dukkar opp noko som ikkje har vore der før, anten det er ein føflekk, ein kul eller ein hoste.
Undersøkingar me gjennomførte i 2025 viste at menn ofte tenker at man skal tole å ha vondt, eller å vera ekstra sliten. Men det skal du ikkje.
Ei Norstat-undersøking gjennomført på vegne av Kreftforeningen i år viste også at over halvparten av spurde menn trudde dei bør gå til lege éin gong i året. Men dette er også feil!
Kjære mann, vårt bodskap til deg: Merkar du endringar i kroppen, som ikkje har gått over på tre veker, gå til legen.
Du treng ikkje vete kva som er gale, det er det legen sin jobb å finne ut av. Din jobb er å gå til legen, slik at ein kan oppdage ein potensiell sjukdom tidleg.
Så er det som regel ikkje kreft, ofte er det truleg noko heilt ufarleg, men det er det legen som skal finne ut av.





