Markering måndag: Verdsdagen for psykisk helse
«Vi utforskar òg korleis aktivitet kan bidra til livskvalitet.»

Verdensdagen for psykisk helse er ein nasjonal kampanje som blir markert over heile landet frå veke 39 til 42 kvart år.
Årets tema er: Tillit er beredskap.
Denne videoen er laga i samband med årets tema:
Sjølve verdsdagen for psykisk helse er i dag.
I Bjørnafjorden kommune er det ulike markeringar. Venneveko var i førre veke.
– Uro og usikkerheit kan gjera oss meir på vakt, både overfor kvarandre og det som før kjendest trygt, skriv kommunen.
Måndag 12. oktober er det stand i Os sentrum rundt lunsj. På ettermiddagen er det program på biblioteket.
Der blir det musikalsk innslag ved Olai Kobbeltvedt og Oliver Danielsen og foredrag av Karen Hope Nilsen.
Kommunen skriv dette om foredraget «Tillit til deg sjølv»:
Vi ser på korleis forståing, merksemd, eigenomsorg, gode grenser og små erfaringar kan hjelpe oss til å lytte utan å overvake, ta vare på oss sjølve utan å avgrense oss, og våge små steg i riktig retning.
Vi utforskar òg korleis bevegelse, avspenning, glede, kvardagsaktivitetar og det å gjera meir av det som betyr noko for oss, kan bidra til auka kontakt og livskvalitet.
For tillit handlar kanskje ikkje om å vere sikker på at alt vil gå bra.





