NÆRINGSNYTT: Ei annleis veke
Kong Harald V var gjennom fleire tiår ein døropnar og ambassadør for norsk næringsliv.

Heile Norge stoppa opp i dag, med eitt minutts stille for kong Harald V på gravferdsdagen.
Den siste tida har både privatpersonar og organisasjonar delt kva kongen har betydd for dei. For mange handlar minna om ein konge som var til stades – også når norske verksemder skulle møte verda utanfor landets grenser.
Ein døropnar for norsk næringsliv
Allereie som kronprins, fleire tiår før han i januar 1991 tok over som statsoverhovud, var Harald ein aktiv støttespelar for norsk næringsliv på reiser og representasjonsoppdrag.
– I byrjinga blei eg nok brukt for snobbeeffekten sin skuld, sa kong Harald til Dagens Næringsliv i 2019.
Men effekten blei raskt både tydeleg og målbar.
Då den svenske avisa Visjon i 2001 samanlikna kor mange kroner som kom tilbake i form av PR eller eksportinntekter per krone brukt på apanasje for ulike statsoverhovud, trona kong Harald på førsteplass. Ei apanasjekrone til kong Harald V gav 16 kroner tilbake. Den danske dronninga fekk andreplass, med sju kroner tilbake per apanasjekrone.
Etter kongen sin bortgang har fleire næringslivsorganisasjonar trekt fram nettopp denne rolla.
Administrerande direktør i NHO, Ole Erik Almlid, ord på det til E24 på denne måten:
– Hans Majestet var ein viktig døropnar og god ambassadør for norsk næringsliv. Og han var genuint opptatt av bedriftene sitt bidrag til å skape arbeidsplassar og gode levevilkår i heile landet.
Ei anna helsing kjem frå administrerande direktør Knut Arild Hareide, på vegne av Rederiforbundet:
– Med kongen sin bortgang har Norge mista ein samlande leiar som har tent landet med klokskap, verdigheit og ein unik evne til å bringe menneske saman.
Ei siste helsing
I dag blei det siste punktumet sett for den nasjonale sørgeperioden.
No har kong Harald sin båre nådd kvilestaden i mausoleet på Akershus festning. I skrivande stund kimar kyrkjeklokkene over Osøyro, som ei aller siste helsing. Flagga er reist til heil stang, både i hovudstaden og her på Øyro.
Det har vore ei veke som skil seg frå dei fleste andre – også for eit nyheitsbrev som vanlegvis handlar om etableringar, investeringar, planar og arbeidsplassar. Derfor lar vi dei lokale næringslivssakene kvile litt denne gongen.
Neste veke er Næringsnytt tilbake med oppdatering frå lokale aktørar. Fram til då har vi samla eit variert utval av sakene frå veka nedanfor.
Varm helsing
Marie Kroka
Journalist
PS:
Dette var nyheitsbrevet Næringsnytt – ei litt annleis oppdatering enn ein vanleg artikkel.
Om du vil sikre deg neste innblikk levert til eigen innboks, kan du opprette gratis abonnement på nyheitsbrevet her.





