Nok eit skadeverk i barnehagen: Ber naboar om å følgje med
Politier ber naboar om å vere ekstra merksame i tida framover.

Fredag morgon fekk politiet melding om skadeverk i Skeisbotn barnehage.
Politiet har fått fleire meldingar om hendingar i dette området over tid.
– No har nokon knust ei rute, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Lyssand ber naboar om å vere ekstra merksame i tida framover.
– Ta gjerne kontakt med politiet ved observasjonar av personar på kveld og i helgene.
Politiet vil i tillegg patruljere området.





