Loading
Besøksadresse
Øyro 29 - 4. etg
5200 Os
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Nabolaget er klare for dugnad. Og for å lata bilen stå nokre timar.
Brimsholmen Bru- og Veglag AS, som ikkje fekk kommunal støtte til ny bru, skaffa finansiering sjølv.
No har ny flytebru frå Valen Marina, produsert av Etne Betong, kome på plass.
Søndag blir den montert.
– Då må vi lata bilen stå, men det går greit, for mange av oss skal likevel jobba dugnad. Vi finansierer den sjølv og vi monterer den sjølv, seier Erik Vigander frå Brimsholmen Bru- og Veglag AS.
Han har fått eit godt førsteinntrykk av ny bru, der den ligg inntil den gamle.

– Den er omtrent 40 cm høgare. Det vil gi meir mjuk køyring på og av rampen.
– No har brannvesenet sjanse å koma seg over, om det blir oppdrag på øya, og det blir langt tryggare for fotgjengarar.
Utriggarane blei fjerna tidlegare denne veka, men skal på plass igjen.
Den gamle brua er selt, men ikkje langt. Den blir utvida brygge på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

Auka tryggleik frå september.

Anne Brimsholm fortel om ein uvanleg god sommar og om store planar for bygg og bryggeanlegg.

– Kommunen har eit ansvar, meiner varaordførar.

– Den er forbi venta levealder, delvis skadd, toler ikkje brannbilar og er utrygg for fotgjengarar om vinteren.

Den flytande vegen til Brattholmen er i ferd med å bli tryggare.

Kan ein krevja reguleringsplan når brua til Brattholmen skal utvidast?