Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Fleire sjangrar står på menyen, men vi startar med rock. Første gjest er Alexander Dymbe.
Os Rock City er ein ny musikkpodkast av Midtsiden frå mars 2026. Her kan du bli betre kjent med lokale musikarar i ulike sjangrar, få morosame tilbakeblikk og informasjon om aktuelle produksjonar og planar.
Programleiar: Ørjan Håland.
Episode 1: Bomma totalt på Aurora
Dagens gjest: Alexander Dymbe
Dymbe var del av bandet Manheads, som i 2009 tok seg til Urørt-finale. Bassisten fortel om denne tida og åra etter, og deltar som sparringspartnar for å drøfta, kva bør vi venta oss av podkasten Os RockCity?
Har du spørsmål eller innspel til denne podkasten? Kontakt programleiar på orjan@midtsiden.no.

Om namnet på podkasten: Os Rock City er eit omgrep som har blitt brukt om lokale rockeband og -musikk i fleire tiår, etter at Furia i si tid trykte det på tskjortene sine – inspirert av KISS sin «Detroit Rock City» – men altså ein pod med fleire sjangrar på menyen i episodane som kjem.
Dette er ein av to nye video- og podkastar på Midtsiden, TETT PÅ kom med ny episode for drygt to veker sidan.
Programleiar Ørjan Håland har lang fartstid i Midtsiden-redaksjonen, der han blant anna, i serien SakkoSekkStudio, saman med Kjetil Osablod Grønvigh, intervjua både politikarar, næringsdrivande og musikarar. Inkludert Aurora.

Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, gler seg over aktivitetsnivået – og mangfaldet.

I storslag før konsert på Tysnes - og turnéavslutting på Os.

Custom skinnbukser frå Hollywood, turné i Aust-Europa og planar om Tyskland. Notörious satsar internasjonalt – frå bomberommet på Kuventræ.

Då brystkreftdiagnosen kom som lyn frå klar himmel, bestemte Marita Haugland seg for å ta sjukdommen på eigne premissar. Ho inviterte venninner til ei høgtideleg stund med saks og sjampanje, slik at ho fekk fjerne håret før kreften kunne ta det.

Vi fekk ein prat med duoen på Solstrand før kveldens konsert.

I bandet «Dødsdau» speler dei fleste eit anna instrument enn vanleg, men dei identifiserer seg alle som gitarist.