Skal ha mista last i rundkøyring
Politiet hadde i går «Aksjon skuleveg» på Lunde, såg etter demonstrantar og fekk tips om stein i vegbanen.

Onsdag kveld blei to hjortar påkøyrde, begge på Byvegen, i kvar sin ende av Hetleflåtvatnet.
Tidlegare på dagen hadde politiet andre ting å henga fingrane i.
– På morgonen hadde vi nok ei økt med «Aksjon skuleveg», denne gong på Lunde barneskule, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Promilletest av 11 bilistar førte til ingen reaksjonar. Patruljen hadde òg dialog med rektor, elevar og foreldre.
Klokka 14.14 kom det melding om eit vogntog som mista last.
– Nokon skal ha mista stein i rundkøyringa ved Halhjem ferjekai. Vi varsla vidare til Vegtrafikksentralen.
Onsdag kveld var det informasjonsmøte om E39 Hordfast og traseen Stord-Os. Det var på førehand varsla at tre organisasjonar ville aksjonera mot planane.
– Vi var på staden med patrulje utan å finna demonstrantar.
Demonstrantane var der, men gjekk under tak før møtet starta. Midtsiden kjem med meir frå møtet i eiga sak.





