Sto midt i vegen – prøvde å stoppa bilar
Politiet fekk melding om farlege forbikøyringar og full fotgjengar.

Laurdag klokka 22.23 fekk politiet melding om ein mogleg brisen mann som sto midt i Byvegen.
– Han skal ha prøvd å stoppa bilar, opplyser vakthavande ved politistasjonen på Moberg.
Vedkomande skal ha kome seg ut av vegen og opp på fortau.
– Det kom ikkje fleire meldingar, så det blei inga utrykning.
Fredag blei ein bilist stoppa grunna vinglete køyring. Bilførar, ei kvinne i 40-åra, er mistenkt for promillekøyring.
Seinare på dagen, klokka 15.53, fekk politiet melding om bilist som tok fleire stygge forbikøyringar på Bogstrandvegen.
– Meldar hadde ikkje registreringsnummer på bilen, og den blei heller ikkje sjekka ut.




