Tankar og spørsmål etter siste møte i kommunestyret
Utfordrar Ordføraren til å svare offentleg på spørsmål om framtida til Osøyro og Bjørnafjorden kommune.

Bjørnefjorden kommune har ei flott ordning som heiter kommune-TV.
Der kan alle følja debattane i dei politiske møta som tar avgjerder som er viktige for oss alle. Slik var det også torsdag den 29. oktober. Då møttes kommunestyret mellom anna for å ta avgjerd i sak nr 110/2026 om Høghotellet.
Sak 110/2026 – Høghotellet
Etter debatten i kommunestyret utfordrar vi no ordføraren til å svara offentleg på nokre særs viktige spørsmål for framtida til Osøyro og Bjørnafjorden kommune.
Sjølv orka eg ikkje sitta i kommunestyresalen og høyra på debatten i denne saka.
Eg er slik laga at om det vert sagt eller gjort noko som er eg meiner ikkje er rettvist, då klarar eg ikkje halda munn. Og det skjedde urett under møtet, slik eg opplevde det. Derfor var det bra at eg var heime og fulgte debatten på Kommune-TV.
For i debatten sa ordføraren at denne saka starta i 2012. Det er i beste fall ei halv sanning. Alle veit no at den starta i København i 2008 under ein studietur dit. Der var også hotelldirektør Smørås med, og tanken om eit hotell i tilknytning til Oseana vart diskutert. Resten av historia kjenner vi.
Vi er fortsatt også i stuss om kvifor ein hotelldirektør var med på denne turen – eller var han tilfeldigvis bare på samme staden då Kulturutvalet var på studietur? Kanskje ordføraren kan svara på det?
Eg vart også forundra over at ordførar Søviknes tydeleg vart oppøst då representanten Sperrevik spurde om det fantes nokon avtale han ikkje var klar over.
Alle kan ha lov å tenka at ein på denne studieturen til København vart einige om at eit slikt prosjekt Oseana/hotell ville ein arbeide for. Det er heilt lovleg å ha idear og visjonar som ein vil arbeida for.
Så til det andre som eg stussa på
I debatten om Høghotellet sa ordføraren at det hadde vore stor motstand mot bygginga av det flotte kulturhuset vårt Oseana den gongen det vart planlagt, altså i åra 2008/2009.
Eg kunne ikkje hugsa det, men er jo gamal nå. Derfor har eg sett på alt som er skreve i lokalavisene om den saka desse åra. Eg må ta atterhald om at eg ikkje har fått med med alt, men her er det eg fann:
- Det var debatt om finansieringa. Ordførar Søviknes klaga over at Trond Giske, som då var kulturminister, ikkje ville støtta prosjektet. Han meinte at det hadde Giske lova. Det kom også fram i pressa at der var skepsis i Os Frp.
- Der var om lag like mange positive ytringar som der er negative.
- Ytringar som er negative drar fram:
a) Fare for at idretten skal få mindre støtte.
b) At Oseana vil øydelegge for bruken av Mobergsviken - Tilhengarar av Fjellheim er positive til ein ny kulturarena.
Alt i alt sit eg igjen med eit inntrykk av at der var motstand, men at den fyrst og framst var i Frp, ordføraren sitt eiga parti.
Det stemmer jo også godt med at Frp meiner at det offentlege ikkje skal bruka mykje pengar på anna kulturarbeid enn støtte til idrett. Vi er sjølvsagt takknemlege for at ordføraren og Frp likevel gjekk inn for Oseana.
Kulturhuset vart jo trass alt støtta med nesten 100 millionar av Elna og Per Grieg. Slike gåver er det vanskeleg å seia nei til!
Merkeleg argumentasjon
Sidan nesten alle no er stolte av Oseana meinte ordføraren at alle i Bjørnefjorden som er i mot Høghotellet, vil vera stolta av dette bygget når det har gått nokre år.
Der er vi nok ikkje einige.
Den gongen Oseana blei til måtte han først og framst overtyde sine eigne. Dei fleste som er i mot Høghotellet høyrer nok ikkje til den flokken.
Spørreundersøkinga vår viser også at vi er mange som er av ein annan meining enn ordføraren i Hotellsaka.
Vedtaket i kommunestyret i Os i 2008 om å bygga Oseana var samrøystes. Det er ikkje vedtaket om Høghotellet no i 2026!
Tolking av vedtaket som vart gjort
Vi er i tvil om kva dette vedtaket innebærer. Slik vi tolkar det trur vi planen er at utbyggarane kjøper seg fri frå halve kravet om 120 parkeringsplasser. Så må Kommunen skaffe desse plassane og 31 til som Oseana mistar.
Plassane må vera mindre enn 600 meter frå hotellet.
Når kommunen har skaffa nok areal, og har ein plan for korleis parkeringa blir der, då kan utbyggarane starta arbeidet med Hotellet.
Dei kan ikkje åpna hotellet før parkeringa er på plass. Er dette rett tolka, og kva tid ser ein for seg at utbyggarane kan koma i gang på Hotelltomta om dei ikkje vært stoppa av Statsforvaltaren?
Vi ventar at ordføraren vil svare oss og alle andre i bygda på dette.
Kampen vidare
Vi skreiv alt i første innlegget vårt om «Skammens vegg» at vi vil kjempa med alle lovlege medel mot dette prosjektet. Dette har ikkje endra seg.
Vedtaket i kommunestyret vert det klaga og anka på. Vi oppmoder også alle dei som ikkje har nokon som anker for dei, til å anka sjølve.
Då mister dei ikkje retten til å gå til søksmål om erstatning, om planene vert ein realitet.
Slikt søksmål vil blir vurdert om bygging vert sett i gong. Då tar vi stilling til dette. Det finnes nå døme i Noreg på at andre som er i liknande situasjon har fått erstatning. I tillegg har Noreg underteikna nokre nye direktiv i EU som omhandlar borgaranes burettar. Vi reknar med at vi har god finansiering til eit søksmål om mange nok er med.
For ordens skuld. Vi bløffar aldri! Men på nytt, dette har vi ikkje tatt stilling til ennå.
Knut Natvik, styreleiar i Foreninga Midtskogen vel





