Loading
Besøksadresse
Øyro 29 - 4. etg
5200 Os
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Sjåførkort og førarkort var manglar på E39 i går. Så fekk politiet klage frå eit «fast» nabolag.
Torsdag formiddag blei eit utanlandsk vogntog stansa i kontroll av Statens vegvesen ved Svegatjørn kontrollplass langs E39.
– Grunna feil med sjåførkortet måtte førar parkera. Forholdet er meldt, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.
Same formiddag blei ein førar stansa og kontrollert på Halhjemsvegen av utrykningspolitiet.
– Det viste seg at førar, ein mann i 30-åra, ikkje har gyldig førarkort.
Han måtte òg parkera.
– Det blir naturlegvis oppretta sak på forholdet.
Natt til fredag kom det klage på høg musikk frå ei adresse rett utanfor Os sentrum.
– Ein patrulje køyrde ut til adressa. Vedkomande fekk pålegg om å halda nattero.
– Støy har vore eit gjentakande problem på denne adressa. Vi vurderer nye tiltak og å oppretta sak om dette skjer igjen.

Det var fire personar i bilen då ulykka skjedde.

Treet sperrer ved.

– Spør du kva vi jobbar med om dagen, så brukar vi mange ressursar dagleg på psykiatrioppdrag.

Økonomisk kriminalitet aukar, nettbedrageri veks og seksuallovbrot blir meir digitaliserte.

Politiet: – Har skapt unødvendig frykt og uro.

Dei tiltalte røykte hasj og spelte dataspel då politiet banka på døra.