Loading
Besøksadresse
Øyro 29 - 4. etg
5200 Os
Over 35.000 unike besøk per veke. Annonsen din blir vist til saman 100.000 gongar per veke.
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Det har blitt gjort skadeverk på nokre skur.
Bjørnafjorden politistasjon har motteke melding om at uvedkommande har teke seg inn i barnehagen i Gymnasveien dei to siste dagane.
– Det er utført skadeverk på nokre skur på utsida av barnehagen, seier politioverbetjent Anne Lyssand.
– Hendinga vil bli politimeld, seier ho.
Politiet ønskjer no kontakt med personar som kan ha observert noko mistenkjeleg i området.
– Vi ønsker å kome i kontakt med personar som kan ha sett uvedkommande i nærleiken eller inne på barnehageområdet i tidsrommet mellom klokka 16 måndag 15. september og klokka 16 onsdag 17. september, seier Lyssand.

I førre veke var det ruteknusing på Os barnehage, i helga har nokon prøv å bryta opp eit vindauge.

Då barna i Espira Ulvenvatnet barnehage kom i barnehagen torsdag morgon, var regnbogeflagget borte. Personalet har leita utan resultat – og trur nokon bevisst har fjerna flagget.

Politiet fann ikkje ungdomane igjen.

Under laserkontroll på Skeisflaten onsdag stoppa politiet ein bilførar som ikkje var fylt 18 år.

Forbipasserande reagerte på eit par på kjøpesenteret.

Søndag kveld måtte politiet gripe inn då ein mann i slutten av 30-åra køyrde open båt ved Os kai medan han framstod som rusa.