
Det er meldt store nedbørsmengder frå søndag ettermiddag og eit døgn fram.
Varsom.no har, for Vestlandet, gult farevarsel for flaum og jordskred.
I Os er det meldt over 20 mm nedbør frå klokka 18 til midnatt og nye 40 mm natt til måndag og fram til lunsj i morgon.
Det er meldt noko lettare vêr måndag kveld, men regn også etter lunsj. Yr og Storm er noko usamde om dei neste dagane, Yr melder tørrare tysdag enn Storm.
Torsdag er det venta opphaldsvêr, lettskya og 10 gradar. Fredag skal bli tørr fram til kvelden.





