Loading
Få vekas høgdepunkt rett i innboksen:

Dei fleste endringane er i fem andre kommunar, men fire stopp i Bjørnafjorden er fornya.
Vestland fylkeskommune har vedtatt å endra namn på 256 haldeplassar i kommunane Lærdal, Øygarden, Gulen, Gloppen og Vik.
I 2025 blei første sak lagt fram og 176 haldeplassar fekk nye namn.
Fylket vedtok òg dei 176 namneendringane som direktør i Skyss etter fullmakt har gjennomført i løpet av 2025.
Dei inkluderte desse fire endringane i Bjørnafjorden kommune:
Busstoppet i Nordstrøno endrar namn i tråd med at skulen, for over ti år sidan, skifta namn.
Ein tilsvarande systematisk gjennomgang av haldeplassnamn i Vestland har ikkje vore gjort før 2025.
No behandlar fylkesutvalet kvart år ei sak med tilråding til nye haldeplassnamn.
Der har fylkesadministrasjonen gått gjennom Språkrådet sine tilrådingar til nye namn.
– Stadnamn ber med seg kultur- og naturhistorie, og gjennom ei årleg behandling i fylkesutvalet sikrar vi både heilskap og lokal forankring. Tilrådingane frå Språkrådet gir eit godt fagleg grunnlag, og det er viktig for oss at ønska frå kommunane blir høyrde i prosessen, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Samanslått vidaregåande skule har fått mange søkjarar. Sjå liste per fag.

– Det blir heilt feil, er Åsmund Lien sin første reaksjon på forslaget.

Nesten i tråd med Språkrådet si anbefaling.

Kva skal den nye skulen aust om elva heite? No ber kommunen språkrådet om råd.

Skal dei ta tilbake det gamle namnet Ous eller skal ei freiste seg på variantar som Fosa eller Sofus? Sjå alle namneforslaga med grunngjeving her.

Øyro, Skeie, Lunde og Tveitavatnet er blant forslaga til nye namn på eksisterande skular i Os.