Lokal | 02. sep. 2019

Åsen - Helleskaret kan bli godkjent i september

Har fått merknadar, men inga motsegn: Sendt samrøystes vidare frå plan- og bygningsutvalet.

Åsen - Helleskaret kan bli godkjent i september
Planar om næringstomter, bustadtomter og fotballhall ventar på veg frå Åsen til Helleskaret. Tysdag 24. september kan områdeplan bli godkjent. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 02. sep. 2019 12:25

I mars og april gjekk Os kommune nye rundar med grunneigarane i Åsen, for å diskutera spleiselap på ny pris på den komande fylkesvegen Åsen-Helleskaret, før helga var områdeplanen tema i plan- og bygningsutvalet.

Områdeplan har vore ute på høyring. Det har kome inn merknadar, men inga motsegn.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak er:
I medhald av § 12-12 i plan- og bygningslova godkjenner kommunestyret framlegg til områdeplan for ny veg Åsen - Helleskaret, med tilhøyrande føresegner, sist justert etter eige drøftingsmøte med Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen.

Blant dei som har kome med merknad er Hordaland fylkeskommune, som meiner planen ikkje har tatt omsyn til naturkvalitetane i elvene på ein god nok måte, og Statens vegvesen, som meiner at tal på kryss bør kunne reduserast. Det viktigaste for Statens vegvesen er å ivareta trafikktryggleik, det er òg ein føresetnad dersom fylkeskommunen skal overta veganlegget. Ein grunneigar har saman med landbrukssjefen på Bjørnefjorden landbrukskontor ein merknad om tilkomst for hogstmaskiner og tilsvarande transport.

Os kommune har svart med kommentar til merknadane, og konkludert med at dei skal ha eit drøftingsmøte med Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen. Det kan blir mindre justeringar i planen før endeleg godkjenning i kommunestyret.

I møtet torsdag var diskusjonen så vidt innom mengde avkøyrslar.

– Om vi reduserer mengda avkøyrslar på vegen, vil grunneigarane likevel få tilkomst til tomtene via sidevegar som går parallelt? Vil dette i så fall auka utgiftene til å utvikla områda? undrast Harald Døsen (Ap).

Rådmann Christian F. Fotland svarte kort at dette er merknadar, ikkje motsegn, noko som gjer at kommunestyret kan godkjenna planen slik den er. Men at Os kommune vil ta ein diskusjon med fylkeskommunen og vegvesenet om tekniske detaljar i forkant av kommunestyremøtet 24. september.

Ingen andre ba om ordet. Plan- og bygningsutvalet sendte samrøystes planen vidare til kommunestyret for behandling.

Lenkjer på oskommune.no
Saksdokument
Diskusjonen i plan og bygg (kommunetv)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.