Åtte trafikkuhell i distriktet

Ingen personskade etter at snøen kom.

Rundkøyringa mellom E39, Byvegen og Industrivegen søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. jan. 2021 09:22

Laurdag ettermiddag byrja det å snø på Vestlandet, i 18-tida supplert av gode vindkast, og seinare på kvelden også sånn av vegane i låglandet blei snødekte.

Vest politidistrikt som på førehand hadde åtvara mot snøvêret som var meldt, gjentok åtvaringa.

– I alt blei åtte trafikkuhell meldt inn til politiet. Alle var utan personskade, opplyser Vest politidistrikt.

På Vallaheiane sto tre trailerar fast litt før klokka 23 laurdag kveld, og det blei kø på E39 mellom Os og Bergen.

Av andre uhell i går kveld og natt var utforkøyring i Svelgen, bil i fjellvegg på Arnatveitvegen og bil som velta etter utforkøyring i Birkelundsbakken.

Gode dekk - dårlege lys

Statens vegvesen var på streifkontroll i Bergen og omliggande kommunar i går.

10 tunge og 11 lette køyretøy blei kontrollerte. Alle hadde dekk og kjetting i orden, men det blei 10 reaksjonar på manglande lys og 2 som fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring.

I tillegg blei éin sjåfør meldt til politiet for brot på køyre- og kviletid.

Melder meir snø og kulde

Det snør framleis i Os søndag morgon, og det skal halda fram med å snø til i 17-tida i dag.

I 8.30-tida låg det kvitt både på fylkesvegane og på Byvegen, men køyreforholda blir truleg betre utover dagen.

Det er meldt nokre snøbyger både måndag morgon, måndag kveld og tysdag morgon. Så skal det vera sol og 3-4 kuldergradar til og med fredag.

Då blir kanskje isen farbar på fleire vatn i Os.

I helga har det vore høg aktivitet på fleire vatn, blant anna Havretjørn og Lepsøyvatnet, utan at vi kjenner tjukkleiken på isen her. Det tjukkaste brannvesenet målte fredag var 13,5 cm på Gåsekilen, altså 1,5 cm frå å bli skilta som «farbar is».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.