Politi | 28. juni 2021

Åtte ungdomar involvert i slåstkamp

Ingen ville melda forholdet.

Åtte ungdomar involvert i slåstkamp
Konflikten oppsto langs Byvegen, nær 7 Eleven. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 28. juni 2021 08:03

I 01.45-tida natt til søndag fekk politiet melding om slåstkamp med åtte involverte ungdomar.

– Det løyste seg greit då patruljen kom til staden. Ein person blødde frå ansiktet, men ingen var alvorleg skadd, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Dei involverte er mellom 17 og 20 år.

– Fire av dei, to gutar og to jenter, skal ha kome gåande og møtt fire andre. Det oppsto ein krangel mellom to av dei, men fleire skal ha involvert seg då det blei handgemeng.

– Dei som var igjen på staden samarbeidde godt med politiet.

Det var likevel uklart for patruljen kven som starta den fysiske konflikten, og ingen er foreløpig meldt for forholdet.

Utforkøyring i Lysefjorden

Klokka 02.20 natt til søndag fekk politiet melding om utforkøyring på Lyseklostervegen.

– Det var ei singelulykke der ein bil hadde køyrd inn i eit autovern. Ingen personar blei skadd.

Det er ikkje mistanke om rus, men politiet har oppretta sak.

Feststøy i Hegglandsdalen

Ein god time tidlegare på natta fekk politiet melding om støy frå fest i Hegglandsdalen.

Politiet rykte ut og fekk festdeltakarane til å dempa seg.

Like bra gjekk det ikkje i Os hamn:

Kjølen var først i Os hamn, så gjekk turen til Hauglandsosen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg«Kjølen» delte ut tre forelegg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.